Stipendiat i kausale avgjerlser

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i kausale avgjerlser
Frist
11.08.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat i kausale avgjerlser

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kausale avgjersler. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kausalitet er eit område innan maskinlæring som utviklar seg raskt, med løfte om å forbetre kunstig resonnering og intelligens. Kausale modellar kan gje pålitelege formelle verktøy til agentar og dei som skal utforme politikk for å vurdere alternative handlingsmønster og lage effektive løysingar.

Dette prosjektet er interessert i å studere korleis kausale modellar kan bli lært og utnytta i samanheng med det å fatte avgjersler. Særleg vil det vurdere eit scenario der ein eller fleire læringsagentar har moglegheita til å stole på fleire kausale modellar som skildrar miljøet deira. Forskinga vil dekke områda kausalitet, kausal abstraksjon, kausal representasjonslæring og forsterkingslæring; ph.d.-prosjektet i seg sjølv kan følgje fleire retningar, som strekkjer seg frå meir teoretiske studiar om korleis desse modellane kan relatere til kvarandre og kva garantiar dei kan gje, til meir metodologisk forsking på utforminga av nye algoritmar som har som mål å forbetre avgjersler.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk, statistikk eller matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Solid matematisk bakgrunn er eit krav
  • Solide kunnskapar i programmering er eit krav
  • Erfaring med maskinlæring er ein føremon
  • Erfaring frå kausalitet er ein føremon
  • Erfraring frå forsterkande læring er ein føremon
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, dette må vere eksplisitt relatert til kausalitet og avgjersler.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • ein digital kopi av masteroppgåva, om det er tilgjengeleg.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Førsteamanuensis Fabio Massimo Zennaro (fm.zennaro@uib.no), Institutt for informatikk, eller instituttleiar Inge Jonassen, Institutt for informatikk, (inge.jonassen@uib.no)

For HR relaterte spørsmå, ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen (Karoline.Christiansen@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
359604093
Sist endret
02. juli 2024 01:20