Inaktiv

2 ledige 100 % stillingar som fagarbeidar

Arbeidsgiver
Voss herad Tueteigen barnehage
Stillingstittel
Fagarbeidar Tueteigen barnehage
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tueteigen barnehage søkjer engasjerte pedagogiske medarbeidarar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for dei minste borna. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen.

Me har ledig:

  • 1 100 % fast fagarbeidar/assistent frå 12.08.2024
  • 1 100 % fagarbeidar/assistent i perioden 12.08.2024-31.12.2024 med moglegheit forlenging

Me tilbyr:

  • 20.000 kr i rekrutteringstillegg ved fyrstegongstilsetjing i 100 % fast stilling som fagarbeidar i Tueteigen barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn Tueteigen fylgjer ikkje rekrutteringstillegget med
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utviklinga av det pedagogiske arbeidet
  • Gjennomføra og delta i leik og aktivitetar saman med borna
  • Delta i daglege gjeremål som påkledning, måltid og stell
  • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med barn og føresette
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsabeidar
  • Andre søkjarar med relevant erfaring eller relevant erfaring kan bli vurderte

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Personlege eigenskapar:

  • målrette og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjoner
  • varm og grensesetjande
  • god evne til samarbeid og interessert i å søkja felles forståing
  • god fagleg engasjement og kan bidra til utvikling av barn i barnehagen
  • kan handtera ein krevjande arbeidskvardag

Me ynskjer:

  • deg som ynskjer å arbeida med dei minste borna
  • at du har fokus på borna sitt beste
  • deg som er engasjert, kompetent og trygg
  • at du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • deg som er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • deg sim evne og har vilje til å samarbeida, samstundes kan arbeida sjølvstenig
  • at du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
  • deg som kan bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag

Om barnehagen:

Tueteigen barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage i Granvin, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er vedtatt at det skal byggjast ny barnehage i Granvin, og den prosessen er godt i gang.

Barnehage sine satsingsområde er trygt og godt barnehagemiljø og språk og kommunikasjon. Me legg stor vekt på at leiken skal bli prioritert i barnehagekvardagen. Borna skal møta pedagogiske medarbeidarar som er aktive, engasjerte og deltakande i borna sin leik, og som er tilstades "på golvet" saman med barna.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5736 Granvin
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359605504
Sist endret
02. juli 2024 01:28