Vil du løyse konfliktar om vegrett, jaktrett og eigedomsgrenser?

Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Stillingstittel
Konstitusjon som jordskiftedommar ved Hordaland jordskifterett
Frist
13.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du ha ei stilling der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåve, samtidig som du har ein viktig samfunnsrolle ?

I rolla som jordskiftedommar vil du handsame sakar om mellom anna vegrettar, jaktrettar og eigedomsgrenser. Mange av partane er sjølvprosederande, så i tillegg til jordskiftefagleg kompetanse, må du bruke mellommenneskeleg kløkt og evne til å formidle jussen på ein folkeleg måte.

Ei anna svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen - og da tenkjer vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis jobben utførast. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre. Ja, du kan nyte den herlege naturen rundt Bergen midt i arbeidstida. Og få betalt for det.

Om du finn dette interessant, er det ledig ein eitt-årig konstitusjon som jordskiftedommar, med høve til forlenging, ved Hordaland jordskifterett. Tiltreding etter nærare avtale.

Jordskifteretten er lokalisert på rettsstadene Bergen og Voss. Kontorstad for stillinga vil vere i Bergen.

Hordaland jordskifterett dekker kommunane Askøy, Alver, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Fedje, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden. Domstolen har i dag til saman seks dømande årsverk og ei samla bemanning på 14 årsverk.

Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen.


Arbeidsaoppgåve

Dine viktigste arbeidsoppgåve vil være:

  • Planlegge for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
  • Leie rettsmøte
  • Leie rettsmeklinger
  • Skrive avgjerder i eigne saker
  • Bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Det er vanleg praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Det kan derfor verte aktuelt å ta saker utanfor eige sokn.


Kven er du?

Krava vi stiller for å bli jordskiftedommar er:

  • Jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som fyller vedtatte kompetansekrav
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og menneskjene du vil møte
  • God skriftleg og munnleg fremstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå
  • Analytiske evner kommer godt med, sakene er komplekse og krev eit trena auge
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne å ta vanskelege avgjerder
  • Du må vere fleksibel, med 6 dømmande årsverk blir det til at man må trå til litt ekstra ved behov

Du må vere norsk statsborgar. Det vert kravd ein uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.


Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:

  • Eit stort rom for fagleg utvikling, du vil jobbe i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget
  • Eit omfattende introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Ein helt fabelaktig natur i nærområdet, som du kan nyte både i jobben og på fritida
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ved tilsetting vert lønnstrinn 84 tilbydd, jf. hovudtariffavtala. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Skyss- og kostgodtgjørelse etter Statens regulativ. Jordskifteretten har ein felles bilordning, og søkaren må ha førarkort for bil.


Om oss

Domstolane utgjer den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 tilsette. Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Les meir om jordskifterettene her: https://www.domstol.no/no/jordskifterettene/.

Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organisere felles bruk av eigedommar,
klarlegging av rettsforhold, grenser til fast eigedom og ein rekke skjønn.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og styresmakter, men også
mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og éin få avgjort sin sak, satt strek og komme seg videre.

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å djupdykke ned i jussen. Arbeidskvardagen er prega av variasjon. Éin dag er vi ute på synfaring, ein annan dag leiar vi retten eller er på kontoret og skriv dom. Med andre ord trivst vi i både støvlar og sko.


Sektor
Offentlig
Sted
Statens Hus, Kaigaten 9, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Jurist, Saksbehandler
FINN-kode
359618873
Sist endret
03. juli 2024 05:54