Sjukepleiar i sengepost

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 2, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar i sengepost
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å vere med og utforme arbeidsdagen din? Då har du mogleheit til det ved å søkje på denne stillinga.

  • Medisinsk sengepost 2 har ledig 2 x 100% stillingar for sjukepleiarar frå medio august 2024

Helse Førde er for tida inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi ser med entusiasme fram mot hausten 2024 då vi skal flytte inn i ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.

Medisinsk sengepost har jobba med tenesteutvikling fram mot Nye Førde sjukehus 2024. Vi har jobba med endring av legevisitt, teamorganisering og rapport. Dette er ein pågåande prosess og vi vil gjerne ha deg med på laget.

Medisinsk sengepost 2 har fagfelt innan lunge-, infeksjons- og mage-tarm-sjukdom. Det er tett samarbeid med medisinsk sengepost 1 som har fagfelt innan hjarte/kar, nyresjukdom og diabetes. På begge postane kan det i tillegg vere andre varierte problemstillingar.



Arbeidsoppgåver

  • Pasientrelatert arbeid
  • Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
  • Gje omsorg for pasient og pårørande
  • Elektronisk dokumentasjon i DIPS og Meona
  • Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
  • Rutinearbeid i sengeposten
  • Arbeid i 3-delt turnus og 3. kvar helg

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du er interessert i å utvikle tenestene vi gir til pasient og pårørande
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du må være ein del av eit oppmuntrande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Inghild Espeland Mowatt, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 304

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4835088983

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 19.08.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
359624071
Sist endret
03. juli 2024 06:04