Inaktiv

Vikariat som førstekonsulent

Arbeidsgiver
FP - Seksjon for administrative støttefunksjoner, Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Vikariat som førstekonsulent
Frist
31.07.2024

Beskrivelse

Møre og Romsdal politidistrikt har for tida ledig eit vikariat som førstekonsulent ved Felles eining for påtale, seksjon administrativ støttefunksjon.

Felles eining for påtale består av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar (straffesaksseksjon). Seksjon for administrative støttefunksjonar har medarbeidarar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Denne stillinga har arbeidsstad i Molde.

Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og rettsforfølging av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksporteføljen til distriktet. Eininga har ansvar for å sørgje for at gjeldsande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet mv. etterlevast, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir vareteken i alle stadium av straffesaksbehandlinga.

Administrativ straffesaksstøtte støttar påtaleansvarleg jurist med administrative oppgåver i straffesaksbehandlinga for å sikre at straffesaksarbeidet blir gjennomført effektivt og med høg kvalitet.



Arbeidsoppgåver

  • Støttefunksjon for påtalejuristar
  • Digital straffesaksbehandling
  • Registrering av digitale anmeldelser
  • Klargjøring, redigering og koordinering av straffesaker
  • Behandling av inn- og utgåande post
  • Kvalitetssikring av opplysningar som blir registrerte i BL/Strasak i samarbeid med påtalejurist og etterforskar
  • Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
  • Kan påleggjast andre oppgåver av næraste leiar, under dette stemningar og føring av dommar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • 3 årig høgskule eller tilsvarande relevant utdanning (Bachelor)
  • Relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønska:

  • Erfaring frå liknande oppgåver i politi- og lensmannsetaten, og/eller frå straffesakskjeda elles
  • Kunnskap om saksbehandlingssystemet til etaten og digital straffesaksbehandling

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert og eigna for stillinga
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er initiativrik
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida.
  • Mellombels stilling som førstekonsulent SKO 1408 i Møre og Romsdal Politidistrikt
  • Løn frå kr 495 200,- til 565 900,- brutto per år.
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • Varighet for vikariatet er til og med 30.04.2025.
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
  • Tilgang til bedriftsheilseteneste.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Kontaktinformasjon

Hilde Juul Jørgensen, Seksjonsleiar, 92290663

Anne Bjerknes Hovland, 48050504

Arbeidssted

Strandgata 2

6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4828173185

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 30.04.2025

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sted
Strandgata 2, 6415 Molde
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Kontor og administrasjon, Jurist
FINN-kode
359687824
Sist endret
18. juli 2024 08:28