Inaktiv

Vil du bli vår nye bioingeniør på flotte Haugalandet? 🌟

Arbeidsgiver
Immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt! Dersom du er ferdig utdanna sommaren 2025, er du hjarteleg velkomen til å søkje på denne stillinga.

🔬 Kva kan vi tilby deg?
I avdelinga vår er vi rundt 20 dyktige og trivelege kollegaer som har det kjekt saman. Arbeidsdagane er varierte med rotasjon på ulike arbeidsstasjonar, noko som gir eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er stolte av det sterke samhaldet vårt og set stor pris på godt samarbeid og trivsel på jobb.
📍 Om stillinga:
Turnusstilling innan transfusjonsmedisin.
Turnus kan i stor grad tilpassast dine behov – oppgi gjerne ønskje i søknaden.
Oppstartsdato kan avtalast, og vi oppmodar nyutdanna til å søkje. Vikariat kan også vurderast.
💡 Kvifor velje oss?
Immunologi og transfusjonsmedisin held til i toppmoderne lokale i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er akkrediterte av Norsk Akkreditering og oppfyller dei høgaste krava til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO 15189. Dei avanserte laboratoriedatasystema våre, ProSang og Unilab 700, samt Reveos-automatisert produktframstilling, hjelper oss med å levere arbeid av høg kvalitet.
📞 Har du spørsmål?
Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Vi ser fram til å høyre frå deg!
👉 Søk no og bli ein del av vårt lag!

 


Arbeidsoppgåver

  • Blodtypeserologisk analysearbeid
  • Tapping av blodgivarar
  • Komponentframstilling
  • Blodutlevering
  • Andre arbeidsoppgåver ved behov.
  • Blodprøvetaking

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein føresetnad
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje nødvendig.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
  • Personlig egnethet vektlegges

Hos oss er det viktig at du

  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og arbeidssam
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har høg arbeidsmoral
  • Trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein trivelig arbeidsplass med godt miljø og inkluderende kolleger.
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

 


Kontaktinformasjon

Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, anita.larsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4835620512

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør, Helsepersonell / Bioingeniør
FINN-kode
359700561
Sist endret
21. feb. 2025 12:12