Lærling i Service- og administrasjonsfaget

Arbeidsgiver
BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærling i Service og administrasjonsfaget
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Bergen Katedralskole er ein av dei eldste skulane i landet og vart grunnlagd i 1153.

Skulen har om lag 1300 elevar/deltakarar og 150 tilsette og har opplæringa på tre ulike lokasjonar. Skulen består av desse avdelingane.

  • Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
  • Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege Vg1 ST
  • Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særleg tilrettelegging
  • IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
  • Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering


Bergen Katedralskole er ein skule som elevane og dei tilsette er stolte av. Det er lange tradisjonar for godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement. Vi ynskjer å vere ein skule der kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt.


Sjå meir informasjon om skulen på https://www.bergenkatedralskole.vgs.no/

Frå hausten 2024 har vi ein ledig læreplass i Service- og administrasjonsfaget. Lærestaden er på Bergen katedralskole, midt i sentrum, men vi har og avdelingar i to andre bygg i nærleiken. Normal læretid vil vere 2 år dersom du går ordinært løp frå Vg2 Service, sikkerhet og administrasjon.

I læretida vil du mellom anna lære mykje om:
- IKT og bruk av dataverktøy
- Kommunikasjon og service
- Relevante lover og regelverk


Les gjerne meir på nettsida vår om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune:
https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/



Arbeidsoppgåver

Som lærling i Service- og administrasjonsfaget vil du i læretida jobbe med eit breitt spekter av ulike oppgåver i samsvar med læreplanen.

Døme på dette er:

  • Bruke ulike former for kommunikasjon for å samhandle; slik som telefon, e-post og Teams
  • Enkel saks- og dokumenthandsaming
  • Utarbeiding av rutiner og informasjonsmateriell
  • Arbeid med reiserekningar og bestilling/innkjøp av varer
  • Arbeid med rekneskap og fakturahandsaming
  • Planlegging og gjennomføring av ulike oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått vg1 og vg2 på linja for Service, sikkerhet og administrasjon eller tilsvarande
  • Gode datakunnskapar
  • God munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne, greie engelskkunnskapar er ei føremon

Personlege eigenskapar

  • Ei positiv innstilling
  • Open og lærevillig
  • Villig til å ta initiativ og finne løysingar
  • Omgjengeleg, høfleg og strukturert
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff som stig gradvis i læretida
  • Arbeidsstad i ein framtidsretta skole med lange og tradisjonsrike røter
  • Mogleg å søke utveksling i utlandet gjennom programmet Læretid i Europa
  • Oppstart etter avtale haust 2024

Kontaktinformasjon

Siren Ingveig Larsson, leiar administrasjon , 90786662, siren.ingveig.larsson@vlfk.no

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4835905831

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Startdato: 19.08.2024

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5017 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359716979
Sist endret
03. juli 2024 01:47