Fagbioingeniør - Lærdal sjukehus

Arbeidsgiver
LMBB, seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Fagbioingeniør
Frist
15.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Lærdal sjukehus har ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar. Stillinga gjeld frå snarast eller etter avtale.

Fagbioingniør har ansvar for kvalitetsystem og prosedyrer, drift og vedlikehald av Sysmex, StarMax, samt andre små instrument i fagfeltet. Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør. Seksjonsleiar er næraste administrative overordna. Stillinga deltek i vaktturnus. Det blir gjeve grundig opplæring i alle fagfelt som inngår i vaktberedskap.

Laboratoriet har tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek på alle fagleg retta brukarkurs. Vi har fagmøter på tvers i helseforetaket. Vi har eit godt arbeidsmiljø med variert arbeid. Her får ein meiningsfulle dagar tett på pasientar og andre yrkesgrupper på sjukehuset.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved vakre Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Kommunen har eit aktivt kulturliv med mellom anna kor og korps, festivalar, idrettslag, treningsstudio, kafear og kino.

Kom til vakre Lærdal og Lærdal sjukehus!



Arbeidsoppgåver

  • Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
  • Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
  • Opplæring
  • Deltaking i prosedyreskriving og kvalitetssystemet
  • Halde seg oppdatert i faget

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er fordel med erfaring innanfor dei nemde fagfelta

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fagleg engasjement
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeid og godt fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Husvære

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4835898735

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Bioingeniør, Annet
FINN-kode
359722098
Sist endret
03. juli 2024 01:52