Inaktiv

Avdelingsleiar barneverntenesta

Arbeidsgiver
Barn, familie og helse, Giske kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar barneverntenesta
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Giske kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for barneverntenesta frå snarast.

Barneverntenesta er organisert i eining Barn, familie og helse i lag med tildelingskontor, helsestasjon, legeteneste, fysio- og ergoterapiteneste, kommunepsykologar og psykisk helseteam for barn og unge. Tenesta deltek i det interkommunalt barnevernvakt for Sunnmøre.

Tenesta, som totalt har 6 tilsette, vert i hovudsak driven etter generalistmodellen. Det er eit mål å ha eit høgt fagleg fokus og det vert lagt til rette for etter- og vidareutdanning. Det har vore satsa på kompetanse i COS-p, ICDP og familieråd.

Avdelingsleiar er øvste leiar for barneverntenesta. I tillegg til å vere aktiv deltakar i eininga sitt leiarteam er leiar fast medlem i kommunen sitt psykososiale kriseteam.
Er du på utkik etter nye utfordringar ? Er du ein strukturert og utviklingsorientert person som kan vere ein tydeleg barnevernleiar ? Då håper vi du søkjer!

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Tydeleg leiing av tenesta
  • Fag- og personalansvar, økonomiansvar i samarbeid med einingsleiar
  • Rettleiing og oppfølging av tilsette
  • Faglig utvikling og bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Oppgåver i samband med interkommunal barnevernvakt
  • HMS, kvalitet og internkontroll
  • Administrativt arbeid – digitalisering av arbeidsprosessar
  • Ta medansvar for og bidra til kommunen sine omstillingsbehov

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg høgare utdanning
  • Leiarutdanning
  • God juridisk- og saksbehandlingskompetanse på barnevernsfeltet
  • Helst barnevernfagleg etter- og vidareutdanning
  • Relevant yrkeserfaring
  • God kompetanse på barn og unge
  • Gode norskkunnskaper og formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å skape tillit og til å motivere tilsette
  • Har evne til å jobbe heilskapleg og jobbe på tvers av fagområde og nivåer
  • Har engsjement for faget og kan vere ein pådrivar for utviklinsarbeidet
  • Kan blidra med godt humør til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Tett samarbeid med fagleg engasjerte tilette og leiarkollegaer
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Konkurransedyktig løn

Kommunen sine verdiar er:

Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande

Anna:

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.
Gyldig politiattest må leggast fram.
Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne diponere bil

Kontaktinformasjon

Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234

Arbeidsstad

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4835214174

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
359726687
Sist endret
03. juli 2024 02:07