Stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk
Frist
12.08.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Akademia VI-avtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor. Stipendiaten vil vere del av Forskargruppa for porøse medier og Senter for modellering av koblet undergrunnsdynamikk ved Universitetet i Bergen.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den betydelege førekomsten av mineral, til dømes litium (Li), i djupt geotermisk formasjonsvatn, kombinert med aukande etterspurnad etter sjeldne mineral, opnar for samproduksjon av geotermisk energi og mineral. Stipendiaten vil i samarbeid med prosjektteamet utvikle matematiske modellar og numeriske metodar for komposisjonell reaktiv transport som er nødvendig for å vurdere potensialet for samproduksjon av geotermisk energi og mineral frå djupe hydrotermiske system. Dette inkluderer modellering av casestudiar for samproduksjon av spesifikke mineral. Programvareutvikling i prosjektet vil utvide den opne programvareplattformen PorePy (github.com/pmgbergen/porepy), som allereie har god funksjonalitet for å modellere komposisjonell fleirfaseflyt. Prosjektet omfattar også tverrfaglege samarbeid med eksperimentelle forskarar innan vassabasert geokjemi, som skal utføre labforsøk som vil gi data til modelleringa.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk eller utrekningsvitskap («scientific computing»), eller alternativt innanfor utrekningsorientert fysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 31.desember 2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Utdanning på masternivå og sterk kompetanse innan matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numerisk analyse og relatert programvareutvikling er eit krav
  • Gode ferdigheitar i programmering er eit krav
  • Introduksjonskurs i kjemi og erfaring med numeriske metodar for flyt i porøse media og/eller geomekanikk er ein fordel, men mest vekt vil leggest på bakgrunn i anvendt og berekningsorientert matematikk
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkja stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.12.2024
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Inga Berre, Matematisk institutt, inga.berre@uib.no, +4799042244 eller forsker Eirik Keilegavlen, Matematisk institutt, eirik.keilegavlen@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Allégaten 41, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359727008
Sist endret
03. juli 2024 02:07