Helgestillingar i Bu- og miljøtenesta avd. Barneavlastning og Myroldhaug psykisk helse og rus

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Helgestillingar i Bu- og miljøtenesta avd. Barneavlastning og Myroldhaug psykisk helse og rus
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

2. gongs utlysing

Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø, så kan dette vere stillinga for deg!


Er du på leit etter ein arbeidsplass med fokus på auka grad av sjølvbestemmelse og sosial tilhørighet, og styrking av hjelpetilbodet for menneskje med ulike utfordringar?
Er du under utdanning eller på utkikk etter arbeid med mennesket i fokus? Sjå her!

Informer i søknad kvar du ynskjer å søkje.


Barneavlastninga

  • Fire faste 40 % helgestillingar frå 02.09.2024. Stillingane er inkludert 20 % frie timar.
  • Arbeidstid er seinvakt, langvakter og nattevakter. Arbeidshelg kvar 4. helg med 12,5-timers langvakter. Eininga har årsturnus.

Barneavlastinga held til på Høgebakkane på Nordfjordeid. Vi tilbyr gratis teneste for born og unge med eit tyngande omsorgsbehov på helg og ettermiddagar. Det er plass til fire born/ungdomar på same tid, der vi bistår med hjelp og støtte i kvardagen utifrå kvar einskild sitt behov.


Myroldhaug psykisk helse og rus (PHR)

  • To faste 20 % helgestillingar frå 12.08.2024. Stillingane er inkludert 5 % frie timar.
  • Arbeidstid er dag- og seinvakter, med moglegheit for langvakter. Arbeidshelg kvar 3.helg med kortvakter. Eininga har årsturnus.

Avdelinga Myroldhaug psykisk helse og rus har to bufellesskap, eitt på Myroldhaug og eitt på Gjerdane.
Vi følger opp 12 faste bebuarar samt fleire i kommunale og private bustadar i kommuna. Myroldhaug PHR tilbyr ein akutthybel for korttidsopphald, kor menneske i krevjande situasjonar kan få hjelp og støtte.

I hovudsak er det bufellesskapet på Myroldhaug som har ledige stillingar, men det er mogleg å få utvida opplæring å ta vakter i det andre bufellesskapet også.



Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Oppfølging og journalføring i pasientjournal
  • Delta i det faglege rundt brukarane
  • Følgje opp og dokumentere tenesteyting etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.

Kvalifikasjonar

  • Ufaglærte med gode personlege eigenskapar
  • Studentar innan helsefaglegarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Studentar innan helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå blir oppmoda om å søkje
  • Treåring helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- og høgskulenivå
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Om du har spørsmål om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar v/barneavlastinga Stine Takle Piel på telefon 41 45 78 01 og avdelingsleiar v/Myroldhaug PHR Synnøve Marie Nyberg på telefon 90 24 36 75.

Kontaktinformasjon

Stine Takle Piel, avdelingsleiar barnebustad, 41 45 78 01, stine.takle.piel@stad.kommune.no

Synnøve Marie Nyberg, avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 90 24 36 75, synnove.marie.nyberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4835967974

Stillingsprosent: 40, 20%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
359732240
Sist endret
03. juli 2024 02:33