Sunde barnehage - pedagogisk leiar 100% fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sunde barnehage
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
26.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stillinga

I Sunde barnehage arbeider vi for eit miljø med fokus på omsorg, læring, leik og sosial kompetanse. Vi arbeider for ein inkluderande praksis i barnehagen vår, og vi har eit spissa fokus på uteliv. Vi søkjer etter pedagogisk leiar i 100% i fast stilling i frå 15.08.24.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det overordna pedagogiske arbeidet på avdelinga
  • Rettleie og sørge for å arbeide etter barnehagelova og rammeplan
  • Planlegge, gjennomføre og dokumentera
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Inspirera, motivera og rettleia assistentar/fagarbeidarar

Kvalifikasjonar

Godkjent barnehagelærarutdanning (førskulelærarutdanning)

Personlege eigenskapar

  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
  • Er sjølvstendig, lærevillig og utviklingsorientert
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
  • Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Generell god helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Makspris for barnehagar
  • Inga eigedomsskatt
  • Gratis SFO

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
359734982
Sist endret
03. juli 2024 02:34