Ullensvang kommune treng private avlastarar

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
31.12.2024

Beskrivelse

Vil du vera med på å gjere ein forskjell? Ullensvang kommune treng private avlastarar.

Privat avlasting er ei teneste organisert av helse og omsorg, og er eit tilbod til pårørande/føresette med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.

Privat avlasting inneber at ein privatperson blir tilsett av kommunen som avlastar og tek over omsorga i periodar. Tenesta kan verta gitt timebasert, på ettermiddag, i helg eller som døgnavlasting i private heimar. Kommunen har ansvar for å følgja opp og rettleia den som avlastar.

Ullensvang kommune har no behov for fleire avlastarar:

1) Jente på 6 år med Downs syndrom. Familien har behov avlastning ein til to ettermiddagar i veka, og ei til to helger i månaden. På sikt er det ynskjeleg med fast overnatting heime hjå avlastaren i avlastningshelgene. Jenta har lite språk men gjer seg godt forstått med teikn til tale og kroppsspråk/vise kva ho vil. Jenta er sosial og er veldig glad i å vere med andre og saman med dyr. Ho tykkjer det er stor stas med aktivitet i gymsal, symjing, sykkeltur og meir rolege aktivitetar som å slappe av framfor tv`en, lese ei bok eller lage mat. I starten kan avlastar gjerne kome heim til familien, ta ho med på aktivitetar i næromårdet eller ta ho med heim for å leike der.

2) Gutt på 9 år med ADHD. Familien på 4 har behov for avlastning med overnatting eit gong per veke, og ei fast helg i månaden. Dette er ein blid og harmonisk gutt, som samtidig har utfordringar knytt til hyperaktivitet, lite impulskontroll og redusert evne til fokus og sjølvregulering. Gutten er snill, omsorgsfull og smart - både fagleg og sosialt. Han er kjapp i replikken og har glimt i auget. Han har ei stor interesse for gaming, og speler mykje Playstation og VR. Han er også glad i å spele fotball og å bade.

3) Jente på 3 år med Downs Syndrom. Familien har behov for avlastning ein dag pr. veke, og ei helg i månaden. Avlastning både uten og med overnatting er av interesse. Dette er ei livsglad og energisk jente som er veldig glad i å vere ute å leike, gå på tur eller andre utandørs aktivitetar. Ho er glad i dyr, men kan være litt var dersom det er mykje lyd frå dei. Ho er også glad i bading. Ellers er ho ei jente som er glad i å vere med på det som skjer, og ho er åpen for nye opplevingar og aktivitetar.

Vi kan også ha andre personar som er i behov av avlastar, så ta gjerne kontakt om du er interessert i å høyre meir.

Formålet med privat avlasting er å bidra til:

  • at pårørande/føresette kan bevara det sosiale nettverket sitt og tid saman med andre barn

  • hindre utmatting hos den/dei som yter den daglege omsorgen

  • gje pårørande/føresette nødvendig ferie og fritid

  • gje pårørande/føresette høve til å delta i samfunnet

Kven kan bli avlastar?

  • Alle kan bli avlastar. Det er ikkje noko formelt kompetansekrav, men det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Det er og ønskjeleg med noko erfaring med omsorg for andre menneske; privat eller frå tidlegare jobberfaringar.

  • Å vera avlastar kan kombinerast med 100% stilling.

  • Som avlastar må du vera glad i å vera saman med barn og unge, og dessutan ha evne å gi tett og god omsorg.

  • Det er ein fordel om du evnar å setja i gang aktivitetar og finn gleda i å hjelpa andre.

  • Dersom du har erfaring med barn og unge med nedsett funksjonsevne som treng oppfølging, er det ein fordel.

  • Det trengst gyldig politiattest.



Kva inneber arbeidet?

  • Som avlastar bidreg du til at nære omsorgspersonar får nødvendig kvile og fritid, gjennom at du gir støtte til barn/ungdom (0-18 år) i familien som treng ekstra oppfølging.

  • Arbeidstida og arbeidsoppgåver vert avtalt med omsorgspersonane, og saman legg de ein plan for avlasting og arbeidstid for til dømes seks månader fram i tid. Det er vanleg å vera avlastar på timebasis på ettermiddagar i veka eller gjennom døgeret i helger. Arbeidet kan gå føre seg både heime hjå avlastar og i heimen til familien.

  • Aktuelle aktivitetar vil variera, alt etter kva som passar og er eigna for kvart enkelt barn og familie. Det er viktig at du som avlastar tek initiativ til aktivitetar og gjeremål.

Vilkår ved tilsetjing

  • Du blir fast tilsett i kommunen men har kun oppdrag opp mot enkelt person/familie.

  • Du får løn etter forskrift om arbeidstid for avlastere og sentral særavtale SGS 1030.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
359735067
Sist endret
03. juli 2024 11:18