Forskingsrådgivar ved Institutt for musikkvitskap

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Forskningsrådgiver ved Institutt for musikkvitenskap
Frist
14.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Vi søker ein drivande dyktig, positiv og serviceinnstilt forskingsrådgivar med stor kapasitet. Institutt for musikkvitskap (uio.no) er eit institutt med høge ambisjonar, aktive forskarar, og mykje kreativ aktivitet.

Forskingsrådgivaren har sine hovudoppgåver knytt til eksternfinansiering av forsking og administrering av doktorgradsprogram.

Vi søker ein vikar i midlertidig stilling som seniorkonsulent (SKO1363) / rådgivar (SKO1434) frå 15. oktober 2024 til 15. august 2025.


Meir om stillinga

Instituttet har ein liten administrasjon som skal dekke eit mangfald av arbeidsoppgåver innan forsking, studium og generell drift. Vi ser etter ein person som trivst med samarbeid og eit breitt spekter av oppgåver.

Forskingsrådgivaren er ein del av den administrative staben på Institutt for musikkvitskap og har administrativ leiar ved instituttet som sin næraste overordna. Det er etablert eit eige forskingsadministrativt nettverk, FANE, ved Det humanistiske fakultet. Forskingsrådgivaren vert ein del av nettverket. Det er og tett samarbeid med forskingsrådgivar og annan administrasjon ved Senter for framifrå forsking RITMO (uio.no), der instituttet er ein av partnarane.


Arbeidsoppgåver
  • Følge opp leiinga sine forskingsstrategiar
  • Kartlegge kjelder til ekstern nasjonal og internasjonal finansiering, med vekt på Noregs forskingsråd og EU
  • Gje støtte til forskarar som søker om ekstern finansiering frå finansiørar, medrekna arbeid med søknadsbudsjetta
  • Dagleg drift av instituttet si forskingsprosjekt-portefølje
  • Oppgåver innan forskingsformidling og faglege arrangement
  • Utvikle og følge opp internasjonale nettverk saman med leiinga og instituttet sine forskarar
  • Sakshandsaming, mellom anna å kunngjere og tildele interne middel, utgreiingar, forskingsstatistikk m.m.
  • Administrativt ansvarleg for phd-programmet for musikkvitskap, medrekna kursplanlegging, evalueringar, stipendiatoppfølging.

Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.


Kvalifikasjonskrav
  • utdanning frå universitet eller høgskule som minimum svarer til bachelorgrad, men det er ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for kravet om utdanning.
  • framifrå kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar og gjerne erfaring med digital samhandling og nettpublisering
  • relevant erfaring frå forskingsadministrasjon, og/eller administrasjon av doktorgradsprogram. Søkarar med studieadministrativ erfaring og kjennskap til universitetssektoren kan bli vurderte.

Vi ser etter søkarar som
  • er serviceinnstilte og ansvarsmedvitne
  • evner å prioritere, og arbeide målretta og strukturert
  • er sjølvstendige, tek initiativ og finn løysingar
  • trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • evner å handtere mange oppgåver samstundes
  • er nøyaktig og kan levere sjølv med knappe tidsfristar
  • likar å jobbe med menneske og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr
  • lønn frå 540 500 til kr 635 400 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent, SKO 1363
  • lønn frå 565 900 til kr 667 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgivar, SKO 1434
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar (uio.no)
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Vi søker i utgangspunktet etter ein rådgivar med forskingsadministrativ erfaring og kompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. For godt kvalifiserte søkarar med kortare, men relevant praktisk erfaring i høve til fagfeltet, kan det vere aktuelt med tilsetting i stilling som seniorkonsulent.


Søknaden skal innehalde
  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål / karakterutskrift

Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge. Når du søker på stillinga, ber vi deg hente
utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.


Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette (uio.no).

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.


Sektor
Offentlig
Sted
Institutt for musikkvitenskap, Sem Sælands vei 2, 0371 Oslo
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
359735550
Sist endret
03. juli 2024 02:39