Inaktiv

100% stilling som miljøterapeut ved Kinsarvik skule

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Frist
01.08.2024

Beskrivelse

Ledig stilling som miljøterapeut ved Kinsarvik skule

Som miljøterapeut hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 169 flotte elevar!

Det blir ledig 100 % stilling ved Kinsarvik skule frå 01.08.2024.

Om skulen

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 169 elevar, og 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

Skuleleiinga består av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 60 % merkantil ressurs.

Arbeidsoppgåver:

● Oppfølging av elev med særskilte behov

● Samarbeide med pedagogar og fagarbeidarar på skulen

Me ser etter deg som :

● er ein god relasjonsbygger

● har godkjent utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog eller anna relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule.

● relevant erfaring frå skule

● erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging Me tilbyr:

● Varierte arbeidsoppgåver

● Løn etter hovudtariffavtalen

● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

Krav:

Politiattest


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
359737039
Sist endret
03. juli 2024 02:40