1 stilling som stipendiat/postdoktor ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
1 stilling som stipendiat/postdoktor ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)
Frist
01.10.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som stipendiat eller postdoktor knytt til Centre on the Europeanisation of Norwegian Law (CENTENOL). Forskinga ved CENTENOL vil utvikla ny kunnskap om EØS-rett og detts innverknad på norsk lov. Stillinga er knytt til senterets arbeidspakke om arbeidsrett.

Stillinga er for ein periode på tre år. Perioden kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Åremålsperiode med pliktarbeid blir vurdert særskilt etter søkjaren sine faglege og norskspråklege kvalifikasjonar.

Tiltreding er 1. januar 2025 eller etter avtale..


For søkarar til stilling som stipendiat

Stillinga som stipendiat er ei åremålsstilling som har doktorgrad som mål. Som stipendiat skal du delta i fakultetets forskarutdanningsprogram og må oppfylle vilkåra for opptak på dette programmet innan 3 månader etter tilsetting.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Det er et krav at masterutdanninga er fra eit land som er ein del av EØS, eller at utdanninga gir særskilt kompetanse innan EU/EØS-rett.
  • Du må ha interesse for arbeidsrett, trygderett, diskrimineringsrett og/eller EU/EØS-rett. Kunnskap om desse rettsområda er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk så vel munnleg som skriftleg.
  • Kunnskapar i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er eit føremon, men ikkje eit krav.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med ei doktoravhandling (fortrinnsvis artikkelbasert) som skal leverast mot slutten av stipendiatperioden.
  • Ta del i Ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet (les meir her).
  • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om senterets forsking på relevante arenaar.
  • Delta på og vere med å organisere aktivitetar i arbeidspakken og i senteret, i tett samarbeid med dei andre medlemane.
  • Vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved senteret og ved fakultetet.

For søkarar til stilling som postdoktor

Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling som har som mål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetting.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Det er et krav at PhD-utdanninga er frå eit land som er ein del av EØS, eller at utdanninga gir særskilt kompetanse innan EU/EØS-rett.
  • Du må ha interesse for arbeidsrett, trygderett, diskrimineringsrett og/eller EU/EØS-rett. Kunnskap om desse rettsområda er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må gjennom akademiske arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk så vel munnleg som skriftleg.
  • Kunnskapar i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er eit føremon, men ikkje eit krav.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med eit postdoktorprosjekt som skal resultera i minimum tre vitskaplege arbeidar i anerkjente publiseringskanalar.
  • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om senterets forsking på relevante arenaar.
  • Delta på og vere med å organisere aktivitetar i arbeidspakken og i senteret, i tett samarbeid med dei andre medlemane.
  • Vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved senteret og ved fakultetet.

Om CENTENOL

CENTENOL er eit forskingssamarbeid som fokuserer på korleis EØS-lovgjevinga, som knyter Noreg til EUs indre marknad, påverkar norsk lov. Senteret tek føre seg utfordringar norske juristar møter med å forstå EØS-lova og korleis dei kan tilpasse seg lovas krav betre.

Forskinga ved CENTENOL er tverrfagleg og ser på effekten EØS-lova om fri bevegelighet har på norsk trygde-, innvandrings, arbeids-, og forvaltningsrett. Målet er å auka medvitet om EØS-lovas potensielle og faktiske effektar i desse områda.

CENTENOL vil bidra til nasjonal kompetansebygging gjennom forsking, undervisning og formidling. Senteret er finansiert i en 5-års periode av Noregs forskingsråd.

Interesserte kandidatar oppfordrast til å sjå CENTENOL | University of Bergen (uib.no) og til å kontakte senterleiar Christian.Franklink@uib.no eller arbeidspakkeleiar Melanie.Hack@uib.no for meir informasjon.


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved senteret og fakultetet, med særs gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Opning for å søkje stipend for å gjennomføre forskingsopphald ved institusjonar utanlands som ein del av stillinga.
  • Stipendiat: Løn etter lønssteg 55-59 (kode 1017) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 540 500,- og 575 400,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Postdoktor: Løn etter lønssteg 72 (kode 1352). Dette ligg for tida på 720 100,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby sine tilsette.


Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Brevet skal gi ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla til CENTENOL og arbeidspakken om arbeidsrett.
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen).
  • Prosjektomtale på 3-4 sider (skriftstørrelse 11, enkel linjeavstand). Omtalen skal innehalde ei beskriving av Ph.d./postdoktor-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, og ein plan for gjennomføringa av prosjektet. Prosjektet må vere fagleg relatert til CENTENOL og arbeidspakken om arbeidsrett.
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
  • Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
  • Full versjon av masteroppgåva (for søkarar til stipendiatstilling) eller doktoravhandlinga (for søkarar til postdoktorstilling) og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere rettleiaren frå masteroppgåva / doktoravhandlinga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå: Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenka på denne sida merka «Søk stillingen».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen 1. oktober 2024. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.


Generell informasjon:

Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for CENTENOL og arbeidspakken om arbeidsrett, samt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre Ph.d./postdoktorprosjektet og for bidra til fagmiljøet ved fakultetet.

Det er ønskeleg å rekruttere ein postdoktor til prosjektet, og søkarar til stilling som postdoktor vil derfor bli prioritert. Dei best kvalifiserte søkarane kan bli kalla inn til intervju.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen her.

  • Utfyllande opplysningar om stillinga og rettleiing om utforming av prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til: Arbeidspakkeleiar Melanie Hack (e-post Melanie.Hack@uib.no, tel. + 47 55589679).
  • Utfyllande opplysningar om CENTENOL og tilsetjing som stipendiat/postdoktor ved Det juridiske fakultet kan ein få ved å vende seg til: Senterleiar Christian Franklin (Christian.Franklin@uib.no , tel. + 47 95806468).
  • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opptak til ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet

Om det blir tilsett ein stipendiat er det eit krav at kandidaten innan dei første tre månadane leverer ei utfyllande prosjektbeskrivelse som gir grunnlag for opptak på fakultetets forskarutdanning.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Dragefjellet, Bergen, 5010 Bergen
Stillingsfunksjon
Jurist, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
359737460
Sist endret
03. juli 2024 02:40