Er du vår nye operatør i Politiets Nettpatrulje Vest

Arbeidsgiver
FF-Seksjon for forebygging, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som Operatør Politiets Nettpatrulje Vest
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, Seksjon for førebygging er det ledig vikariat i inntil 12 månader som operatør ved Politiets nettpatrulje Vest. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Politiets nettpatrulje Vest består av 6 polititilsette; ein fagleiar, ein kombinert etterretning/ operatør, og 3
operatørar. Gruppa består både av kvinner og menn, der nokon er forholdsvis nyutdanna, mens andre
har jobba i politiet i lengre tid. Felles eining for førebygging er stasjonert i Bergen Sentrum.

Nettpatruljen vart etablert i oktober 2019 og har hatt ei spanande utvikling etter dette. Vi har no nærare 870 000 følgjarar til saman på Facebook, Instagram og TikTok. I 2021 vann vi "Social Media Awards" for årets virksomhet/merkevare og har fått mykje merksemd i media. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode høve til å vera kreativ.



Arbeidsoppgåver

  • Kriminalitetsførebygging og haldningsskapande arbeid på nett
  • Bygge tillit og ha dialog med innbyggjarane på nett og SoMe
  • Patruljering på nett
  • Dagleg oppfølging av Politiprofilane våre på Facebook, Instagram og TikTok. Vi har også kontoar på andre sosiale medier
  • Tovegskommunikasjon med innbyggjarane (råd/rettleiing, motta tips og svare på ulike spørsmål)
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Uniformert og tillitsskapande polititeneste
  • Halde foredrag og undervisning internt og eksternt (både fysisk og digitalt)
  • Vere politiet sitt ansikt ut mot innbyggjarane, gjennom sosiale medium og anna førebyggjande
    verksemd. Du må også vere villig til å eksponera deg sjølv
  • Andre arbeidsoppgåver innan fagfeltet
  • Noko turnusbasert arbeid må påreknast
  • Operativ patruljeeteneste eller tilsvarande må påreknast.

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • IP4 godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
  • Svært god framstillingsevne munnleg og skriftleg (norsk og engelsk)
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest må innhentast ved evt. ansettelse jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Ønskeleg:

  • Erfaring innan digitalt grafisk arbeid og/eller videoproduksjon er ein fordel (Adobe produkter eller tilsvarande)
  • Kunnskap om bruk av digitale verktøy, og erfaring frå bruk av sosiale medier er ein fordel
  • Erfaring frå kriminalitetsførebyggjande arbeid og/eller forståing for heilskapen i kriminalitetsførebyggjing er ein fordel
  • Kunnskap om ny teknologi er ein fordel
  • Erfaring med gaming og gamingplattformer er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ein god rollemodell, positiv og godt humør
  • Ha gode evner til å skape tillit og byggje relasjonar
  • Ha høg motivasjon for stillinga og oppgåvene som skal utførast
  • Vere kreativ, initiativrik og fleksibel
  • Vere god på kommunikasjon og samarbeide godt saman med andre, både internt og eksternt
  • Bidra til å vere ein viktig del av eit fagleg og sosialt fellesskap der ein jobbar i eit velfungerande team
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode sosiale evner som fremmer trivsel og eit godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt

Vi ynskjer også at du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapets beste i tråd med lover, reglar og våre verdiar.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Stillinga vert løna som politibetjent 3/2/1, SKO 1461/1459/1457 frå ltr 47 / kr 480 900,- til ltr 68/ 667 700,- kr brutto per år.
  • Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og
    Pb3.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no).

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.

Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr. 24/82196

Kontaktinformasjon

Rune Fimreite, Fagansvarleg nettpatruljen, 47975815

Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4798052381

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Konsulent, Rådgivning
FINN-kode
359739698
Sist endret
03. juli 2024 02:46