Helgevikarar og ringevikarar Heimetenesta i Kvinnherad kommune

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes
Stillingstittel
Helgevikarar og ringevikarar Heimetenesta Husnes/Rosendal/Ølve
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetenesta har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar me mange studentar til dei store byane og me treng difor nye helgevikarar. I heimetenesta dreg me rundt til heimebuande eldre og andre som treng oppfølging. Her har du frihet til å planlegge dagane dine på eiga hand, du får disponere bil, og du blir kjent med kommunen. Heimetenesta er god på kakefronten og feirar det som feirast kan. Heimetenesta er oppteken av å trygge sine tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan me ta ein prat, så kan me i lag finne ut om dette kan vera noko for deg.

Vi søkjer

Heimetenesta i Kvinnherad treng helgevikarar og ringevikarar. Vi har fleire ledige helgestilling 13% fast og vikariat, på alle våre lokasjonar(Ølve, Rosendal, Husnes, Halsnøy). I tillegg har me trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillingane er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. Er du under utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, lærar eller anna helsefagleg utdanning, kan du og får moglegheit til å bli tilsett med ei stipendordning.

Kvalifikasjonar

  • Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.

  • For arbeid i heimeteneste krevs det førarkort for bil.

Personlege eigenskapar

  • Nysgjerring og vilje til å læra
  • Ikkje redd for å arbeide aleine
  • Omsorgsperson

Vi tilbyr

  • Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
359745808
Sist endret
08. juli 2024 10:24