Badevakter

Arbeidsgiver
Oppvekst og kulturetaten, Kulturavdelinga
Stillingstittel
Badevakter
Frist
28.07.2024

Beskrivelse

Vi har ledige stillingar i inntil 270 % som badevakt i Ulsteinbadet. Faste stillingar og vikariat. Vi har også behov for fleire tilkallingsvikarar. Det er ønskeleg at aktuelle kandidatar kan starte raskt. På grunn av dette kan søknadar bli vurdert fortløpande.

Vi har også behov for servicevertar, sjå eiga stillingsannonse.

Alle søkjarar må vere fylt 18 år i løpet av året.



Arbeidsoppgåver

Badevaktene har ansvar for besløkande si sikkerheit og trivsel i Ulsteinbadet. Badevaktene har i tillegg
ansvar for å sjekke kvaliteten på badevatnet, utføre reinhald i badeanlegget og anna forefallande arbeid.

Arbeidstid er dagtid, kveldstid og helg, i turnus.

Kvalifikasjonar

Gode symjeferdigheiter og kunnskap i høve livreddande førstehjelp. Den som vert tilsett må gjennomføre
kurs og bestå prøve.

Personlege eigenskapar

Badevaktene må vere i god fysisk form, ein må like å arbeide i team, vere flink med folk, ha godt humør og ikkje vere redd for å seie frå når det trengs.

Vi tilbyr

Triveleg arbeidsmiljø, gode kollegaer, løn etter kvalifikasjonar og kommunale regulativ.


Kontaktinformasjon

Annika Brandal, Kulturkonsulent/driftsleiar anlegg, 40840900

Leif Per Ringstad, Kultursjef, 47301332

Arbeidsstad

Vikemyra 2

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten



Referansenr.: 4826037947

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Renhold
FINN-kode
359745809
Sist endret
03. juli 2024 02:57