Servicevert

Arbeidsgiver
Oppvekst og kulturetaten, Kulturavdelinga
Stillingstittel
Servicevert
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledige stillingar ved Ulstein Arena i inntil 140 % stilling som servicevert, samt behov for tilkallingsvikarar. Det er aktuelt med fast stilling og vikariat. Stillingsbehovet er ikkje endeleg avklara, og vil kunne endre seg.

Vi har også behov for badevakter, sjå eiga stillingsannonse.

Alle som søkjer jobb som servicevert må vere fylt 17 år i løpet av året.



Arbeidsoppgåver

Sal av kafevarer, billettsal og turistinformasjon er eksempel på oppgåver du har som servicevert i
Ulsteinbadet.
Ulsteinbadet søkjer serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte personar! Vi søkjer etter deg som har stor
grad av sjølvstende, samstundes som du likar å jobbe i team og har godt humør.
Hos oss er publikum i fokus, vi søkjer difor etter deg som kan yte god service i ein hektisk og spennande
kvardag på Ulsteinbadet. Den rette kandidaten er klar for «å ta i eit tak», har interesse for
kundehandsaming og gjerne erfaring frå tilsvarande arbeidsforhold/-bedrifter.

Arbeidstid er dagtid, kveldstid og helg, i turnus.

Kvalifikasjonar

Den rette personen må like kundekontakt, vere sjølvstendig og ansvarsfull, ha godt humør og vere
løysingsorientert. Det er ein fordel om du har jobba med kasse og kundebehandling tidlegare, men det er
ingen betingelse.

Personlege eigenskapar

Ei utadretta haldning og samarbeidsevne er viktig.
Ordenssans vil bli vektlagt, då det å rydde, fylle på varer og generelt holde kafeen ryddig og innbydande,
er ein viktig del av jobben.

Vi tilbyr

Triveleg arbeidsmiljø, gode kollegaer og god offentleg pensjonsordning. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår og løn etter gjeldande regulativ.


Kontaktinformasjon

Annika Brandal, Kulturkonsulent/driftsleiar anlegg, 40840900

Leif Per Ringstad, Kultursjef, 47301332

Arbeidsstad

Vikemyra 2

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten



Referansenr.: 4826115451

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Kontor og administrasjon
FINN-kode
359746302
Sist endret
03. juli 2024 02:59