Inaktiv

Overlege

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
overlege
Frist
18.07.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Det er ledig ein 50 % mellombels stilling for overlege i Seksjon for smertebehandling frå 1. september til 31. desember 2024.

Ynskjer du å få meir erfaring med tverrfagleg smertebehandling? Her er ein gylden moglegheit.

Vi har eit spennande tverrfagleg miljø som har fokus på samhandling med primærhelsetenesta. Stillinga er oppretta i samband med "Ventelisteløftet" for å redusere ventetidene ved poliklinikken.

Arbeidsoppgåver vil bli knytta til poliklinikk for pasientar med langvarige smerte.

Seksjon for smertebehandling er organisert som ein seksjon under Kirurgisk serviceklinikk (KSK ) og er ein av tre seksjonar i Smerte og palliasjonsavdelinga.
Seksjonen er ei konsulenteining som vurderer pasientar, gir råd til spesialisthelsetenesta og bidreg til undervisning om smertebehandling og palliasjon.

Vi har tilsette med brei tverrfagleg kompetanse: legar, psykologar, fysioterapeutar, sjukepleiar, jobbspesialist frå NAV og merkantile. Dei har lang erfaring i vurdering og behandling av pasientar med langvarige og/eller kompliserte smertetilstandar.



Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjonar
  • Delta i tverrfagleg vurdering av pasientar ved poliklinkk for langvarige smerter.
  • Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell i samband med pasienttilsyn, samarbeidsmøte og telefonmøte
  • Det vil bli gitt opplæring i seksjonens tverrfaglege tilnærming til vanskelege smertetilstandar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialistgodkjenning i anestesiologi, eventuelt nevrologi, fysikalsk medisin, allmennmedisin eller anna relevant medisinsk fagområde
  • Kompetanse og erfaring innan smertebehandling er ønskeleg
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode samarbeidsevnar og kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar/pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne
  • Du kan arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Tett samarbeid med andre seksjonar på KSK og med ulike avdelingar på sjukehuset
  • Arbeid på dagtid. Seksjonen har ikkje etablert vaktordning.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tone Høivik, Seksjonsoverlege, 55976857, tone.gulli.hoivik@helse-bergen.no

Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, +47 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4833720613

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 18.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
359750486
Sist endret
03. juli 2024 03:18