KulturFjaler har mange baller i lufta - blir du vår nye sjonglør?

Arbeidsgiver
Preform As
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Dagleg leiar 50% fast stilling


Vi har lurt på korleis vi skal rekruttere ein dagleg leiar i 50% stilling men no har vi sjansen. Vi lyser ut stillinga saman med prosjektstillingar slik at du kan velgje stillingsprosent sjølv ... veldig lurt!


Vi ynskjer oss ei drivkraft som kaster ball med samarbeidspartar, Kulturdirektorat, Departement, Vestland fylke, politikar på alle nivå og får oss ut i verden. MEN alt må vere godt forankra i Fjaler som er hjartet i fellesskapet vårt.


Dagleg leiar har sjølvsagt ansvar for drift, administrasjon og økonomi og rapporterer til styre.


Vi blir lagt merke til og Sparebankstiftinga i Fjaler har gitt oss midlar i 3 år der vi skal jobbe med:


· Organisasjonsutvikling: Etablere nye strukturar i våre samarbeidsformer lokalt, regionalt og nasjonalt.


· Etablere residens for kunstnarar innanfor scenekunst, musikk og lydproduksjonar.


Målet er å utvikle ein organisasjonsstruktur og eit kunstfagleg tilbod som kan sikre ei trygg og varig finansiering.


Prosjektstillingar samla stillingsressurs 125%


Her er det mange ballar å passe på - og kanskje det er best å vere to ??


Det er ikkje alle som er gode på organisasjonsutvikling som også har kunstproduksjonserfaring...eller kanskje det er deg?


Vi må også løyse oppgåver som:


· planlegge og ta i mot kunstnarar for arbeidsopphald


· kommunikasjon, marknadstiltak


· arbeide i prosjektstyrte utviklingsprosessar


· arbeide med kompetansehevande tiltak og nettverksarbeid.


· arbeide med drift av Samvirket i nært samarbeid med Fjaler kommune og vere med i planlegging av publikumsvisningar i samarbeid med eksterne arrangørar.


Når vi får søknaden får deg er det dette nokre av dei tinga vi ser etter:


· høgare utdanning og solid relevant praksis.


· kan arbeide sjølvstendig og ha gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging


· kunst og kulturfagleg nettverk.


· god oversikt og kunnskap om kunst og kulturfeltet.


· har sertifikat og disponerer bil.


· ein sjonglør med godt humør.


· personlege eigenskapar for stillinga


Som om ikkje dette er nok har vi fleire ballar i lufta: Teaterfestivalen i Fjaler lyser ut ein 80% stillingsressurs før 15. august som kanskje kan kombinerast med din plass i fellesskapet vårt.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Dalsvegen 97, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Kontor og administrasjon
FINN-kode
359825157
Sist endret
04. juli 2024 04:00