Barne- og ungdomslos

Arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomslos
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Vestre Slidre kommune har motteke tilskot for å jobbe med psykisk helse og tverrfagleg samhandling. Vi har difor oppretta ei prosjektstilling som barne- og ungdomslos som skal vere med på å identifisere barn og unge som treng ekstra støtte frå hjelpeinstansar. LOSen skal gi hjelp på lågterskelnivå og skal bidra til rett hjelp til rett tid. Den skal samarbeide tett med skula og dei øvrige helsetenestene, både på individ- og systemnivå. Stillinga er plassert i psykisk helseteneste og er ein del av eininga familie, helse og førebygging. Eininga består av legesenter, helsestasjons- og skulehelseteneste, barnevern, psykisk helse og kommunepsykolog.
Prosjektet er 3årig med forbehald om løyving over statsbudsjettet. Stillingsprosenten vil vera 100% ut 2025 og deretter 80-100%. Det er moglegheit for fast tilsetting.

Vil du gjere ein positiv forskjell i livet til barn og unge i kommunen som treng det mest? Då må du søkje!



Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å gjere psykisk helseteneste til en synleg og lett tilgjengeleg teneste for barn, unge og deira familiar
  • Møte barn og unge der dei er
  • Kartlegging og oppfølging av elever i samarbeid med helsesjukepleiar, sosiallærar, kommunepsykolog og familieveileder
  • Bistå elevane og skulen med å kople på dei rette instansane
  • Samtaler med barn og unge individuelt og i gruppe
  • Undervisningsopplegg i skuleklasser med tema psykisk helse
  • Rettleie tilsette på skulen og andre samarbeidspartnarar
  • Arbeid på systemnivå, t.d. utarbeide årshjul og bidra til utarbeiding av rutinar og system for samhandling
  • Delta i tverrfaglege møter
  • Det vil vera noko arbeid på ettermiddag/kveld

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant høgskule-/universitetsutdanning innan helse/sosial/pedagogikk
  • Ynskeleg med erfaring og/eller kompetanse innan samtalar med barn og unge
  • Ynskeleg med kunnskap innan feltet psykisk helse
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • evner å bygge relasjon til barn og unge
  • Du har fokus på brukarmedverknad og meistring
  • er nytenkande og kan bygge opp stillinga
  • trivast med å jobbe sjølvstendig
  • er fleksibel og løysningorientert
  • har god samhandlingskompetanse og trivast saman med andre faggrupper
  • bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Ei kommune som jobbar aktivt med å skapa gode arbeidsplassar
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit engasjert, tverrfagleg og kompetent fagmiljø
  • Lønn etter gjeldande avtaler
  • God pensjonsordning og gruppelivsforsikring i KLP
  • Fleksitid

Kontaktinformasjon

Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4835644556

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
359827552
Sist endret
04. juli 2024 05:59