Fengselsbetjent

Arbeidsgiver
Hustad fengsel
Stillingstittel
Fengselsbetjenter- flere faste stillinger i turnus
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Kriminalomsorga Hustad fengsel søker etter fengselsbetjentar i 100 % fast stilling i turnus.

Hustad fengsel ligg idyllisk til i Hustadvika kommune midt mellom byane Kristiansund og Molde. Fengselet har 60 innsette som soner både på høgt og lågt sikkerhetsnivå.

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette i deira kvardag. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, til å sette grenser og til konflikthandtering. Fengselsbetjenten skal i tillegg vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei innsette. Fengselsbetjenten skal også delta i målretta progresjonsarbeid med dei innsette.


Arbeidsoppgåver

• avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsette
• kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
• vere ein aktiv medspelar i den faglege og sikkerhetsmessige utviklinga ved avdelinga
• motivera dei innsette til et lovlydig liv etter lauslating
• utføre tenesten i samsvar med lov- og regelverk på ein etisk forsvarleg måte slik at ro, orden og sikkerhet blir tatt vare på
• andre rutinemessige oppgåver

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

• bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
• god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• førarkort klasse B

Det er ønskelig at du har

  • tilleggsutdanning innan sosialt arbeid, psykisk helsearbeid, bachelorpåbygg/enkeltemner fra KRUS eller andre relevante fagfelt
  • erfaring fra institusjonsarbeid innen psykiatri, rusomsorg, barnevern eller lignende

Personlege eigenskapar

• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
• evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
• tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
• evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø


Vi tilbyr

• meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
heimreiseordning for nytilsette fengselsbetjentar som har tilhøyrsle/heimeadresse utanfor Møre og Romsdal fylke. Det vil seie at det kan gis inntil 3 gratis heimreiser i året og ordninga har ei varighet på 2 år etter tilsettingsdato
• gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
• kantineordning, trening i arbeidstida, moglegheit for lading av elbil.
• stillinga blir løna som 0264 fengselsbetjent frå kr 443 000 – 557 100 per år avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kvelds-, natt- og helgetillegg etter gjeldande satsar kjem i tillegg. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Trude Aarseth, tlf. 71 26 30 10 eller assisterende fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen, tlf. 71 26 30 19.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Hustadvegen, 6444 Farstad
Stillingsfunksjon
Sikkerhet, Annet
FINN-kode
359828482
Sist endret
04. juli 2024 06:09