Fengselsbetjent- dagtid

Arbeidsgiver
Hustad fengsel
Stillingstittel
Fengselsbetjent- dagtid
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Hustad fengsel søker etter fengselsbetjent til arbeid på dagtid i fast 100% stilling. Stillinga har fleksitidsordning og er nyoppretta.

Hustad fengsel ligg idyllisk til i Hustadvika kommune midt mellom byane Kristiansund og Molde. Fengselet har 60 innsette som soner både på høgt og lågt sikkerhetsnivå.

Stillinga som fengselsbetjent på dagtid er tilknytta avdeling med lågt sikkerhetsnivå. Avdelinga har plass til 32 innsette.

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og sakshandsaming. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, til å sette grenser og til konflikthandtering. I tillegg skal fengselsbetjenten vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.


Arbeidsoppgåver
  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsette, følgje opp sysselsetting saman med verksbetjentar
  • følgje opp dei innsette i tett samarbeid med kontaktbetjentar, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • gjennomføre avklaringssamtale til russamtalen, og gjennomføre russamtale med innsatte
  • følgje opp tilbakeføringsarbeid og tiltak frå tverrfaglege møte saman med kontaktbetjent og andre relevante instanser.
  • enkel sakshandsaming etter straffegjennomføringslova knytt til dei innsette ved avdelinga
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
  • bidra til at arbeidsbelastninga i kvardagen blir redusert for fengselsbetjentane i turnus

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Det er ønskjeleg at du har

  • Bachelor i straffegjennomføring
  • Erfaring med sakshandsaming etter straffegjennomføringslova

Personlege eigenskapar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • evne til å bidra til eit godt arbeidsmijlø

Vi tilbyr
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • heimreiseordning for nytilsette fengselsbetjentar som har tilhøyrsle/heimeadresse utanfor Møre og Romsdal fylke. Det vil seie at det kan gis inntil 3 gratis heimreiser i året og ordninga har ei varighet på 2 år etter tilsettingsdato
  • eit godt arbeidsmilø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid (fleksitidsordning)
  • kantineordning, trening i arbeidstida og moglegheit for lading av elbil mot betaling.
  • Stillinga lønnes som fengselsbetjent (0264) frå kr 443 000,- til 557 100,- avhengig av ansiennitet og kvalifikasjoner. Høgare lønn kan vurderast for den rette søkaren. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
  • Arbeidssted er avdeling med lågt sikkerhetsnivå ved Hustad fengsel og arbeidstid vil i hovedsak vere på dagtid, men den som blir tilsett må vere innstillt på fleksibilitet når det gjeld oppgåver og noko forskuva arbeidstid må påreknast.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Trude Aarseth tlf. 71263010, eller assisterande fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen tlf. 71263019. mail: postmottak-8530@kriminalomsorg.no

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Sektor
Offentlig
Sted
Hustadveien 132, 6444 Farstad
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Helsepersonell
FINN-kode
359828606
Sist endret
04. juli 2024 06:11