Helsefagarbeidar/ miljøarbeidar

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Frist
19.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter miljøarbeidar i ved Rus-og psykisk helsetenester. Stillinga er ca 70 % fast i turnus med moglegheit for 30% i ressursbank i Eining for rus-og psykiske helsetenester. Arbeidsstad er hovudsakleg på Husnes i Oppfølgingstenesta. Turnus dag/kveld med arbeid kvar 4.helg i langvakter.

Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.

Tilsetting frå medio september 2024.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar
  • Erfaring frå psykiatri og/eller rusomsorg vil vere eit føremon.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Gode evner i relasjonsbygging.
  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
  • Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.

Ved tilsetjing vert det lagt stor vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. Menn vert oppmoda til å søkja stillinga.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
359829126
Sist endret
04. juli 2024 07:35