2 x100% engasjement i psykisk helseteam for barn og unge

Arbeidsgiver
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
2 x 100% engasjement i psykisk helseteam for barn og unge
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Er du opptatt av å styrke barn og unge si psykiske helse og bidra til gode oppvekstvilkår? Da er du den vi ynskjer å ha med på laget.

Sykkylven kommune har ledig 2 x 100% engasjementsstilling i psykisk helseteam for barn og unge.

Du må ha relevant utdanning og erfaring innan psykisk helsearbeid. Dette for å kunne gi barn og unge med psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar og reaksjonar på belastende livshendingar rett hjelp og behandling. Teamet skal også ha eit familieperspektiv og tilby foreldrestøtte, samt tett samarbeid med andre tenester kring barnet og familien.

Målgruppa for tenestetilbodet er barn og unge (0-18 år) og deira familiar.

ArbeidsstadPsykisk helseteam for barn og unge vil vere organisert og lokalisert under barne- og familietenestene i lag med med helsestasjonstenesta, barneverntenesta, flyktningtenesta, PPT og familieteamet. Desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.

Teamet har frå før tilsett psykologspesialist i 100% stilling.

Varigheit
Engasjementet har oppstart snarast eller etter nærare avtale og varigheit på ett år med moglegheit for forlenging.



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, rettleiing og oppfølging av barn, unge og deira familiar
  • Behandling av lette til moderate psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar og reaksjoner på belastande livshendingar
  • Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular
  • Rettleiing og fagstøtte til personell og tenester som arbeider mot målgruppa
  • Førebyggande arbeid med fokus på livsmestring

Kvalifikasjonar

  • Krav om minimum treårig helse- og sosialfagleg utdanning (anna utdanning og relevant erfaring kan vurderast)
  • Bør ha vidareutdanning og erfaring innan psykisk helsearbeid
  • Bør ha kompetanse frå psykososialt arbeid, samspels- og åtferdsutfordringer
  • Forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Den som vert tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
  • Evne til å skape endring og stå i krevjande situasjonar over tid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å formidle kunnskap og jobbe systematisk
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Evne til å sjå ressurser og løysinger
  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Tett samarbeid med kommunepsykologen for vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg samarbeid
  • Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
  • Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
  • Gratis parkering

For psykologer:

  • Fagleg og personleg utvikling gjennom deltaking i nettverkssamlingar for psykologar
  • Moglegheit for tilrettelegging for relevant spesialisering/vedlikehald av spesialisering etter avtale

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar med søknaden slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden

Kontaktinformasjon

Carolin Urke, Einingsleiar barne- og familietenestene, 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4832420270

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haugneset 20, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
359829636
Sist endret
04. juli 2024 06:34