Spanande stilling ledig på Borgjo

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
19.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter sjukepleiar eller vernepleiar i 100 % fast stilling, 12 timars vakter med arbeid kvar 3. helg. Arbeidsstad i Rosendal, Borgjo Bufellesskap. Som tilsett ved Rus og psykiske helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.

Tilsetting 1. september 2024 eller etter avtale.

Kvalifikasjonar

  • Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring og/eller vidareutdanning i psykisk helsearbeid kan vere eit føremon
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
  • Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.

Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga.

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
359834546
Sist endret
09. juli 2024 06:17