Inaktiv

Kjøkkenassistent / vikar i barnehage

Arbeidsgiver
Suldal kommune Sand barnehage
Frist
10.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om tenestestaden

Sand barnehage er fordelt på to bygg, avdeling Randåsen og avdeling Joagarden. Dei to bygga ligg ca. 1 km. frå kvarandre.

I nærområdet er det fleire fine naturområde med skog og bekk, som innbyr til utforsking og spennande leik. Me er mykje ute, og på tur. Begge avdelingane ligg i gangavstand til Sand skule, idrettsbanen og den nye svømmehallen.

Om stillinga

- Stillingstype: Kjøkken assistent i 50% og tilkallingsvikar ved behov

- Stilling ledig frå: f.o.m. 01.09.24 t.o.m. 31.12.24

Arbeidsoppgåver

I barnehagane i Suldal arbeidar me med "Være saman" programmet, slik at eg skal vera meg - men gi plass til andre slik at dei blir seg. Det beste med å jobba i barnehage i Suldal er kanskje den rike naturen vår. Den byr på undring og glede for borna våre og deg som har evne til å sjå på naturen og kjøkkenhagen vår som ein god læringsarena. Nå treng me fleire dyktige kollega som vil vera med å skapa gode, læringsrike og trygge dagar for barna våre. Jobben vil blant anna lage handlister, rydde til og laga god sunn mat til barna. Noko av arbeidet vil vera å ha barn med på kjøkkenet, undra seg med barna til glede for alle.

Kvalifikasjonar

Kjøkkenassistente må følge veiledene skriv frå ernæringsfysiolog i Suldal kommune.

Erfaring i frå barnehage og med fokus på god mathelse.

Me søkjer deg som er oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn. Bidreg til eit positivt læringsmiljø. Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.

I tillegg ønskjer me at du har:

Eit positivt menneskesyn.
Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
Erfaring frå arbeid i barnehage.
Gode norskkunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til samtale
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Besøksadresse:avd Joagarden, Stegåsvegen 42avd Randåsen, Eidsvikvegen 1, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
359862020
Sist endret
04. juli 2024 01:10