Inaktiv

Helsefagarbeidar 100% fast

Arbeidsgiver
Voss herad Område nord
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Frist
20.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er vekslande mellom langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning.
Stillinga inneber 3-delt turnus med deler av vakter på natt. Dersom 2-delt turnus er ynskjeleg, vil det verte mindre stillingsprosent. Stillinga har arbeid 3.kvar helg.
Me arbeider etter tillitsmodellen og det kan verte aktuelt å arbeide inne og ute.

Fylgjande er ledig:

  • 100% fast for helsefag/hjelpepleiar ved Vossestrand Omsorgstun
  • Tilsetjing forløpande


Arbeidsoppgåver
:

  • Heilheitleg pleie og omsorg
  • Helsefaglege oppgåver
  • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
  • Primærkontaktoppgåve

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
  • Sjukepleiar/vernepleiar kan og verte vurderte

Me ynskjer:

  • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
  • Ein ny god kollega

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
359867089
Sist endret
05. juli 2024 07:25