Barne- og ungdomsarbeidar i Vinjar barnehage avd. Nesflaten

Arbeidsgiver
Suldal kommune Vinjar barnehage
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Frå og med 01.09.2024 til og med 15.08.2025 har me ledig 100% vikariat som Barne- og ungdomsarbeidar, for tida i Vinjar barnehage avd Nesflaten.

Om oss

I barnehagane i Suldal arbeidar me med "Være sammen" programmet, slik at eg skal vera meg - men gi plass til andre slik at dei blir seg.
Det beste med å jobba i barnehage i Suldal er kanskje den rike naturen vår. Den byr på undring og glede for borna våre og deg som har evne til å sjå på naturen som ein god læringsarena.
Nå treng me fleire dyktige kollega som vil vera med å skapa gode, læringsrike og trygge dagar for barna våre.

Jobben vil blant anna innebera:

Delansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
Omsetja teoretisk kunnskap i praksis.
Delansvar for vurdering og dokumentering.
Arbeid med barn ute og inne.

Kven søkjer me

  • Deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Andre med relevant kompetanse kan også søkje.

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
  • Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.

Kva kan me tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Andre opplysningar:

  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden

Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00

Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Suldalsvegen 1497, 4237 Suldalsosen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359873263
Sist endret
04. juli 2024 02:41