Barne- og ungdomsarbeidar/assistent - 80- 90 % vikariat

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent - 80- 90 % vikariat
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Ved Ostereidet ungdomsskule er det i perioden 01.08.2024 – 31.07.2025 ledig ein 80- 90 % stilling som pedagogisk medarbeidar/fagarbeidar.

Ostereidet ungdomsskule er ein rein ungdomsskule med omlag 90 elevar.
Ungdomsskulen er MOT- skule og har som overordna mål å skapa ein trygg og god skulekvardag for alle elevane våre.
Skulen har engasjerte tilsette og ei aktiv foreldregruppe som samarbeider tett for elevane sitt beste.


Arbeidsoppgåver

Stillinga vil ha som hovudoppgåve å følgja opp elevar med særskilde behov, både i skulearbeid, i friminutt og før/etter skuletid.
Den tilsette skal hjelpa elevar med å få ei god sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samspel og leik. Den skal rettleia elevar til å ta ansvar for sine eigne liv og vere ein god rollemodell for ungdomen.
Nokre helsefaglege oppgåver må påreknast. Det er også knytt tilsynsoppgåve i skulefrie periodar til stillinga.


Kvalifikasjonskrav

Kompetanse
Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande formell utdanning.

Ønskt kompetanse
Vi ønskjer ein medarbeidar som kan vere den trygge vaksne som toler og rommar eleven si åtferd, og som evnar å sjå heile ungdomen bak. Den som vert tilsett må kunne visa sjølvstende, vera løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne.


I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr

Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, og flott og ivrig ungdom.
Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring.
God pensjonsordning i KLP.


Sektor
Offentlig
Sted
Eidavegen 574, 5993 Ostereidet
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
359874008
Sist endret
04. juli 2024 02:29