Fagarbeider/assistent

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Fagarbeider/assistent
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga
  • Vikarpoolen i Osterøy starta opp hausten 2023 for å ha faste tilsette som kan fungere som vikar i alle dei kommunale barnehagane våre. Dette har vore ein tryggleik for barnehagane og no treng me to fagarbeiderar/assistentar i teamet vårt.
  • Me har ledig to 100% stillingar - 1 fast stilling og 1 vikariat fram til medio februar 2025. Stillingane er ledige frå 1.september.
  • Som tilsett i vikarpoolen må du vere positivt innstilt til å vere i alle barnehagane våre og fleksibilitet er eit nøkkelord i desse stillingane.

Arbeidsoppgåver
  • Leggje til rette for barns leik og ta ein aktiv rolle i leik og barns aktivitetar
  • Støtte og vere tilstades for barn i leik og alvor
  • Samarbeide med foreldre og kollegaer
  • Delta i daglege gjeremål på avdelingane

Vi tilbyr
  • Fagleg utvikling og tett samarbeid med kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • Tariffløn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtalar
  • Ein arbeidsstad som er inkluderande (IA) bedrift

Kvalifikasjonskrav
  • Det er ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget.
  • Har du ikkje fagbrev men relevant erfaring frå liknande arbeid, ønskjer vi likevel å høyre frå deg!
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg jf Barnehageloven § 27.

Kven er du?
  • Du ser kvart enkelt barn og er god i leik og samspel med barna
  • Du er ein trygg vaksen som er til stades og støtter barna når dei treng det
  • Du samarbeider godt med foreldre og kolleger
  • Du evner å få overblikk, ta inititativ og vise engasjement
  • Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorientert

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
359876158
Sist endret
04. juli 2024 02:44