Spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar
Frist
18.07.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Seksjon for smertebehandling søkjer etter spesialsjukepleiar / sjukepleiar med relevant vidareutdanning i 50 % midlertidig stilling frå 01.09.24 til 31.12.24

Arbeidsoppgåvene vil vere å ha kartleggingssamtalar med pasientane som blir tilvist vår poliklinikk. Hensikten med kartleggingssamtalane er å undersøke om seksjonen har eit egna tilbod. Resultatet av samtala vert diskutert vidare med tverrfagleg inntaksteam.

Stillinga er finansiert av ventelistemidlar: Hovudmålet med tilsetjinga er å redusere ventetida ved seksjonens poliklinikk for langvarige smerter.

Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA) er ei avdeling i Kirurgisk seviceklinikk (KSK) og består av tre seksjonar: Palliativt senter, Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest og Seksjon for smertebehandling. Personalet ved Seksjon for smertebehandling har lang erfaring i vurdering og behandling av smerte hjå ulike pasientgrupper. Seksjonen har to einingar: Poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team. Arbeidet er utprega tverrfagleg og verksemda er delt mellom poliklinikk og tilsyn på sengepostar ved sjukehuset. Personalet er samansett av fysioterapeutar, legar, sjukepleiarar, merkantile, psykologar og jobbspesialist frå NAV.



Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre kartleggingssamtaler med pasientar ved poliklinikk for langvarige smerter
  • Oppfølgingssamtalar med pasientar ved poliklinikk for langvarig smerte ved behov
  • Delta i tverrfagleg inntaksmøte

Kvalifikasjonar

  • Norsk autoriasasjon som spesialsjukepleiar
  • Relevante vidareutdanningar kan t.d vere innan anestesi, kreft, palliasjon, intensiv, psykisk helse og rus
  • Ønskeleg med erfaring frå fagfeltet smertebehandling og palliasjon
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med somatisk sjuke
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid i tverrfaglege team
  • Ønskeleg med relevant og god digital kompetanse
  • Relevant erfaring, kurs og kompetanse innan kommunikasjonsfeltet vil bli vektlagt ( til dømes motiverande intervju, 4 gode vanar, kognitiv terapi)
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og engasjement for fagfeltet
  • Gode kommunikasjonsferdighetar
  • Interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Gode samarbeidseigenskapar, som evne til å skape trygge og gode relasjonar internt i teamet og vis a vis andre samarbeidspartnarar
  • Evne til å bidra til god teamfunksjon
  • Personleg eigna og relevant fagleg erfaring vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande overenskomst

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, +47 55976311

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4833717973

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Startdato: 26.08.2024

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 18.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
359878438
Sist endret
05. juli 2024 05:56