Ledig stilling som forskingssjukepleiar/ forskingskonsulent i Radiologisk avdeling / MMIV

Arbeidsgiver
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Stillingstittel
Ledig stilling som forskingssjukepleiar/ Forskingskonsulent i Radiologisk avdeling / MMIV
Frist
15.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Vi søker ein forskingssjukepleiar-/prosjektmedarbeidar i eit 100% engasjement i 2 år med mogeleg forlenging.
Stillinga er med tidlegaste oppstart snarast og helst innan 1. september, og er knytt til forskingsprosjektet ‘Towards personalization of non-invasive neurostimulation therapies for major depressive disorders’ ved Mohn Medical Imaging and Visualization Centre.
Prosjektet vert leia av Leif Oltedal, saman med Olga Therese Ousdal og Ute Kessler i forskargruppa «Nevrostimulerende behandling og hjerneavbildning». Gruppa har også eit utbredt internasjonalt samarbeid gjennom «the Global ECT-MRI Reserach Collaboration, og the GEMRIC-study».

Vi ser etter ein person med erfaring fra klinisk arbeid og forsking. Di rolle vil vere essensiell i arbeidet for å fremme forståing og behandling av psykiske lidingar, spesielt med tanke på alvorleg depresjon og nevrostimulerande behandling. Prosjektet undersøker korleis elektrokonvulsiv terapi og transkranial magnetisk stimulering verkar, og vert gjennomført i samarbeid med kollegaer ved Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen (UiB). Vi bruker avanserte MR undersøkingar, blodprøver og nevropsykologiske testar som kan hjelpe oss til å forstå både den psykiske lidinga og behandlinga. Både behandlingseffektar og tekn som kan forklare bivierknader vil bli undersøkt.

Som ein del av prosjektgruppa vil du arbeide saman med eit tverrfagleg team beståande av både klinikarar og vitskaplege tilsette. Du vil også vere ein nøkkelperson for administrasjon og koordinering av det internasjonale samarbeidet, kor meir enn 25 ulike forskargrupper bidreg.

Dine oppgåver: I rolla som forskningssjukepleiar-/prosjektmedarbeidar vil du bli ein sentral del av prosjektgruppa, men det vert også forventa at du jobbar sjølvstendig med viktige oppgåver knytt til rekruttering, inklusjon og oppfølging av deltakarar. Det skal samlast inn data frå spørreskjema, mobile einingar (smartklokke), blodprøvar og frå samtalar/ nevropsykologiske testar med pasientane. Kvar deltakar skal følgast i omlag eit halvt år, noko som stiller krav til god støtte undervegs i prosjektperioden. Stillinga krev ei viss grad av fleksibilitet med tanke på arbeidstid, men inkludering av deltakarar vil føregå på kvardagar. Arbeidsoppgåvene er varierte; i tillegg til gjennomføringa av den lokale studia vil du bidra med organisering både i den lokale og internasjonale delen av forskargruppa.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging, kvalitetssikring og gjennomføring av klinisk studie
  • Oppfølging og koordinering av pasientar og kontrollpersonar som deltek i klinisk studie
  • Vere ressursperson for både deltakarar og medarbeidarar
  • Journalføring av forskingsdata i REDCap
  • Enkel undersøking av deltakarar (inkludert blodprøvetaking, lyttetest og nokre nevropsykologiske testar)
  • Administrativt arbeid for lokal og internasjonal forskargruppe
  • Mogelegheit til å bidra i analyser og dataprosessering

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med kliniske studier er ein fordel
  • Erfaring frå klinikk (psykiatri/somatikk) er ønskeleg
  • Du må ha eit sterkt fagleg engasjement og evne til å vere kreativ
  • Du må ha gode datakunnskaper, noko kunnskap om programmering er ønskeleg
  • Erfaring med databaseverktøy (til dømes REDCap) er ønskeleg
  • Du må beherske norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Relevant mastergrad vert lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer
  • Du må trivst med å jobbe i skjæringsfeltet mellom klinikk og forsking
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du må vere ansvarsmedviten, nøyaktig og strukturert
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Open for nye utfordringar
  • Oppteken av å følgje rutiner og retningsline
  • Evne til å sjå mogeleheit for utvikling, samt vere løysingsorientert i kvardagen

Vi tilbyr

  • Ein sjeldan mogelegheit til bidra til ny kunnskap om psykisk helse
  • Samarbeid med eit dynamisk, tverrfagleg team av høgt kvalifiserte medarbeidarar
  • Varierte arbeidsoppgåver som ledd i eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit arbeidsmiljø preget av tillit, openheit og respekt
  • Ein arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar og meningsfulle oppgåver
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling og nettverksbygging på eit internasjonalt nivå
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Leif Oltedal, Prosjektleiar, 930 44 829, leif.oltedal@uib.no

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 65

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4835053539

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 15.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
359879545
Sist endret
05. juli 2024 06:00