Spesialingeniør/bioingeniør - laboratoriepersonell

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialingeniør/bioingeniør - Laboratoriepersonell
Frist
23.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Seksjon for cellebaserte medisinske produkter er ein seksjon ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin i Laboratorieklinikken, som har ansvar for produksjon av avanserte terapier (ATMPs) til bruk i behandling av pasientar. Med avanserte terapier meines legemidler basert på vev (vevsterapi) eller celler (celleterapi), og produksjonen føregår i eit reinromslaboratorium ved Haukeland Universitetssjukehus. Produksjon av avanserte terapier er regulert etter dei same standardar som tilverking av legemiddel, der reglar og retningslinjer frå m.a. EU om god tilverkarpraksis (GMP) blir følgd. Seksjonen samarbeider tett med seksjon for Celleterapi og andre einingar i Helse Bergen.

Det er fleire faggrupper, både lokalt og regionalt, som har behov for å få tilverka avanserte terapier i samband med behandling av sjukdom, mellom anna til regenerativ beindanning, immunterapi og kreftbehandling. I første omgang vil Seksjon for cellebaserte medisinske produkter medverke til tilverking av celleprodukt, herunder mesenkymale stromale celler, til bruk i kliniske studiar.

Vi søker etter laboratoriepersonell som hovudsakleg vil arbeide med produksjon i reinrom (praktisk laboratoriearbeid m.a. aseptisk arbeid med primære celler) og utføre laboratorieanalyser (kvalitetssikring av celleprodukt). Den tilsette vil også ta del i pågåande valideringsprosesser, for å søke om tilverkarløyve for tilverking av legemiddel, samt arbeide nært saman med seksjonsleiar, produksjonsleiar og kvalitetskontrolleiar for å drifte reinromsfasiliteten. Søkjar må rekne med ein god del opplæring innanfor reinromsåtferd, aktuelle lovverk og EU-GMP, som skal sikre at produkt produseres og kontrolleres konsekvent i samsvar med kvalitetsstandarder.



Arbeidsoppgåver

  • Produksjonsforbuingar og utføre laboratoriearbeid etter aseptisk arbeidsteknikk i reinrom
  • Utføre kvalitetssikring og analysearbeid av celleprodukt (legemiddel)
  • Drift av reinrom etter rutinar, m.a. bidra til at reinhald og vedlikehald av produksjonslokale/reinrom og produksjonsutstyr blir gjennomført etter behov og dokumentert
  • Delta i mikrobiell testing av reinrom for å sikre at laboratorium og produksjonsprosessar er i samsvar med krava om reinleik
  • Varehandtering, som varemottak, kontroll av varer og vareplassering i laboratorium
  • Ved behov bidra til utvikling av nye produksjonsprotokollar, arbeidsrutinar og laboratorieanalysar
  • Delta i pågåande valideringsarbeid
  • Sjå til at prosedyrar blir etterfølgde, og rapportere status, feil og avvik til næraste leiar
  • I tillegg må ein halde seg fagleg oppdatert innan avdelinga og sitt eige fagområde

Kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad (cellebiologi, molekylærbiologi eller liknande), apotekteknikar, eller bioingeniør utdanning
  • Erfaring med aseptisk arbeidsteknikk er ein stor fordel, fortrinnsvis arbeid med primære stamceller, mesenkymale stromale celler og/eller immunceller som dendrittiske celler, gjerne i samband med klinisk bruk
  • Må kunne arbeide etter faste prosedyrer/protokollar
  • Erfaring med flow cytometri og/eller analysearbeid er ein fordel
  • Praktisk erfaring frå ein reinromsfasilitet som tilverkar legemidlar er ein fordel, men opplæring blir gitt ved behov
  • Kjennskap, erfaring og relevante kurs innan GMP og/eller innan stamcelle- og regenerativ medisin, eller mikrobiologi blir vektlagt
  • Gode skriftleg norskkunnskapar då prosedyrar og dokumentasjon vil vere på norsk
  • Meistre engelsk godt skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Følgande personleg eigenskaper hos søkjar vektleggast:

  • Vere motivert og initiativrik, med entusiasme for produksjon av legemiddel for terapeutisk behandling
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, må kommunisere godt både skriftleg og munnleg
  • Ansvarsmedviten, nøyaktig, fokusert, løysingsorientert og strukturert
  • Liker å arbeide etter rutiner/protokollar
  • Vere systematisk og kunne planleggje aktivitetar, analysere og dokumentere resultat på ein sikker måte, i tråd med regelverk
  • Fleksibel og trivast i eit tverrfagleg miljø under oppbygging

Vi tilbyr

  • Delta i den spennande utviklinga av nye behandlingsmetodar innan avansert celleterapi
  • Godt teamarbeid, variert arbeid og godt arbeidsmiljø
  • Opplæring etter behov, fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn ut frå kompetanse og erfaring


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kimberley Joanne Hatfield, Seksjonsleiar, 55973053

Arbeidsstad

Jonas Lies vei

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4822525732

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
359882440
Sist endret
05. juli 2024 06:10