Rektor

Arbeidsgiver
Om oss
Stillingstittel
Rektor
Frist
08.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Leiarstilling i eit solid lag

Leiarane våre står ikkje åleine. Vi utviklar vaksdalskulane saman!

Som rektor på Dale skule får du:

  • Erfarne og dyktige kollegaer i administrasjonen, på barnetrinnet og ungdomstrinnet.
  • Tett samarbeid med rektorane på dei andre skulane, einingsleiar og kommunalsjef oppvekst.
  • Bli ein del av fellesskapa på tvers av tenesteområda i Vaksdal. Som rektor på den største skulen vår er det forventa at du er synleg og aktiv i det tverrfaglege arbeidet vårt.

Vi ønsker ein rektor som er ein engasjert og dyktig forvaltingsleiar, personalleiar og pedagogisk leiar.

Du må:

  • Ha evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede.
  • Bidra til samarbeid og å skape gode relasjonar.
  • Vise til kompetanse på endringsleiing og kulturbygging.
  • Kjenne på engasjement for å sikre godt læringsmiljø og kultur for læring.
  • Tenkje tverrfagleg og heilskapleg rundt oppvekstmiljøet.
  • Gle deg over å systematisk følgje opp rutinar, lovverk og kommunal satsingar.
  • Sjå verdien av ei strukturert arbeidsform og god økonomistyring.

Leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagd.


Opplevingar og læring i sentrum

Dale skule opna i 2020. Det nye skulebygget har kultursal med plass til 250 gjestar, bibliotek og eit symjebasseng på 25 meter. I planlegginga av skulebygget var vi inspirerte av eit sosiokulturelt læringssyn, og vi har fått eit bygg som inviterer til samarbeid.

Dale skule er ein 1-10 skule med 235 elevar. Elevane på ungdomstrinnet kjem frå skulane på Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale, medan elevane på barnetrinnet er frå Dale og Bergsdalen.

Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom og Chromebooks til alle elevane.

Vaksdalskulen har langsiktige satsingar som

  • Felles leseplan i samarbeid med PPT
  • Inkluderande læringsmiljø, PALS og MOT.
  • Digital læringsleiing
  • Kvalitet i SFO

Frå våren 2024 og to år fram deltek skule og barnehage i felles kompetanseheving i arbeidet mot vald og overgrep i forbindelse med kommunen si satsing i oppvekstreformen.

Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og fleire av skulane satsar på fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv.


Krav til kompetanse
  • Pedagogisk kompetanse på høgskule-/universitetsnivå og gjerne rektorutdanning
  • God digital kompetanse
  • Erfaring frå undervising og/eller leiing frå skulesektoren

Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
  • Spanande og utfordrande stillingar
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.


Kontaktperson

Jill Bru Johansen, einingsleiar skule
Mobil: 453 76 534, jill.johansen@vaksdal.kommune.no

Ann Kristin Bolstad, kommunalsjef oppvekst og kultur
Mobil: 977 59 760, ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no


Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
359885541
Sist endret
05. juli 2024 06:11