Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Luster kommune Jostedal oppvekstsenter
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe som barnehagelærar i bygda under breen? No har du sjansen! Jostedal barnehage skal tilsetje barnehagelærar.

Stillingsinformasjon:

  • 80 % fast stilling som barnehagelærar

Kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærarutdanning
  • Relevant erfaring er ynskjeleg

Personlege eigenskapar me legg vekt på:

  • Glad i barn
  • Oppteken av leik
  • Likar å vere ute i all slags vêr
  • Tydeleg i kommunikasjon med barn og vaksne
  • Ynskjer å utvikle deg som fagperson og menneske

Me kan tilby:

  • Fokus på leik i barnehagen!
  • Godt arbeidsmiljø med to andre pedagogar og tre fagarbeidarar i kollegiet, i tillegg til skule- og sfo-kollegiet ved Jostedal oppvekstsenter
  • Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
  • Gode leikemiljø som inviterer til leik inne og ute
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar:

  • Tilsett må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Krekane 78, 6871 Jostedal
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
359943479
Sist endret
05. juli 2024 06:32