Inaktiv

Helsesjukepleiar - engasjement 50%

Arbeidsgiver
Helsestasjonstenester, Ålesund kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar - engasjement 50%
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Verksemd for helsestasjonstenester i Ålesund kommune lyser ut engasjement som helsesjukepleiar i 50% stilling.

Stillinga er ledig frå 01.09.24 til 30.06.25, og vil i hovudsak vere knytt til skulehelsetenesta.

Helsetenester for barn og unge omfatter helsefremmende og førebyggande helsetenester til gravide, barn og unge, og deira familiar innanfor helsestasjon- og skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule.

Interne omrokkeringar av personell kan opne for behov innanfor andre funksjonar. Engasjementet vil kunne bli forlenga.



Arbeidsoppgåver

  • Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, foreskrifter, retningslinjer og rettleiarar knytt til helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Gjennomføre konsultasjonar, oppfølging og undervisning i samsvar med nasjonale faglege retningslinjer og helsestasjonen sine rutinar for dette.
  • Fleirfagleg samarbeid både internt og eksternt.
  • Journalføring i Helseplattformen.

Kvalifikasjonar

  • Godkjenning som helsesjukepleiar, ev. i studieløp for helsesjukepleiar.
  • Erfaring frå helsestasjonsteneste eller skulehelseteneste er ønskeleg.
  • Relevant anna erfaring vert vektlagt.
  • Grunnleggande IKT kompetanse.
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, fleksibel og fagleg engasjert.
  • Du har evne til å strukturere eigen kvardag.
  • Du har gode evner til å jobbe sjølvstendig.
  • Du er positiv og løysningsorientert.
  • Du er omstillingsdyktig og har stor arbeidskapasitet.
  • Du har god kommunikasjonsevne.
  • Du likar å jobbe fleirfagleg, og i tett samarbeid med andre instansar.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr spanande, interessante og varierte arbeidsoppgåver.
  • Triveleg og dynamisk arbeidsmiljø.
  • Engasjerte kollegaer med høg fagkompetanse.
  • Breitt fleirfagleg og stimulerande fagmiljø.
  • Veiledning og kollegaveiledning.
  • Lønn i samsvar med regulativet.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv bedrift.

For nærare opplysningar, ta kontakt med: Konst. Avdelingsleiar Iris Anita Rønneberg tlf: 48105629 eller Konst. verksemdleiar Wenche Skarbø tlf: 40906297

Kontaktinformasjon

Wenche Skarbø, Konst. virksomhetsleder, 409 06 297, Wenche.skarbo@alesund.kommune.no

Iris Anita Rønneberg, konst.avdelingsleiar helsestasjon, 481 05 629, iris.anita.ronneberg@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11

6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4834358226

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 30.06.2025

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
359960036
Sist endret
05. juli 2024 06:41