Sjukepleiar 2x100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter

Arbeidsgiver
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog omsorgssenter
Frist
01.09.2024

Beskrivelse

Ørskog omsorgssenter treng fleire sjukepleiarar. Vi har ledig to 100 % fast stillingar som sjukepleiarar. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.

Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt.

Ørskog omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Ørskog omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har to sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.

Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.

Ved evt intern tilsetting kan andre stillingsprosentar bli ledige.



Arbeidsoppgåver

  • Pasientnært arbeid i somatisk avdeling og på avdeling for personar med demens
  • Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
  • Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
  • Samarbeide med tilsynslegar, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • Beherske dei vanligaste IKT-verktøya

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
  • Kan arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Vilje til å stå på
  • Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasientane
  • Du må vere strukturert og løysingsorientert
  • Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
  • Kompetanseheving og fagutvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjonsordninger

Kontaktinformasjon

Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Sissel Nogva Refsnes, Avdelingsleiar, 922 06 402, sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Sjøholtvegen 82

6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4833864611

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 01.09.2024


Antall stillinger
2
Sted
Sjøholtvegen 82, 6240 Ørskog
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
359960047
Sist endret
13. aug. 2024 11:30