Inaktiv

Vikar for driftsoperatør/fagarbeidar VAV

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Frist
24.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Vikar for driftsoperatør/fagarbeidar i 100% stilling til VAV-avdelinga (vatn, avløp, veg) frå 01.10.24 i ca eit år.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Drift, ettersyn og vedlikehald av pumpestasjonar, reinseanlegg, vassverk, kalkingsanlegg m.m.
  • Vedlikehald og reparasjonar av teknisk utstyr, pumper og anlegg
  • Lekkasjesøk og reparasjon.
  • Vedlikehald av VA-bygg og tilhøyrande areal
  • Vegvedlikehald

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som driftsoperatør, røyrleggar, elektrikar, mekanikar eller nærliggande fagområde.
  • Relevant praksis (kan kompensere for manglande formell kompetanse)
  • Grunnleggjande datakunnskap
  • Førarkort for bil og tilhengjar.
  • Maskinførarbevis, ADK og andre relevante kursbevis er ein fordel.
  • Beherska norsk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

Me treng ein praktisk problemløysar som både kan arbeide sjølvstendig og saman med andre. Du må ikkje vere redd for å ta i eit tak, også utanfor primærområdet.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Stillingsfunksjon
Annet, Teknisk personell, Håndverker
FINN-kode
359969815
Sist endret
05. juli 2024 06:59