Dagleg leiar Florø Frivilligsentral

Arbeidsgiver
Samfunn, kultur og miljø
Stillingstittel
Dagleg leiar av Florø frivilligsentral
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Som dagleg leiar av frivilligsentralen i Florø vil du ha varierte og spennande
oppgåver, i tett samarbeid med frivilligsentralen i Måløy. Kinn skal arbeide langsiktig og
strategisk for å fremje mangfald og likestilling. Dette inneber blant anna
universell utforming, å senke tersklane for deltaking og å halde
brukarbetalingar nede.

Vi søker etter ein medarbeidar som brenn for at fleire kan få delta i samfunnet, ut ifrå eigne premiss. Den nye
medarbeidaren må både ha god kjennskap til frivilligheita men og til kommunen
sine behov og muligheiter, og vil vere eit viktig bindeledd i dette arbeidet.

Stillinga er fast, er ledig frå september, og er i dag organisatorisk lagt til Kulturtenesta. Det kan bli
endring av organisasjonstilknyting. Til stillinga kan også ligge koordinering
av kommunen sitt samla arbeid innan samskaping og samarbeid ut mot frivilligheita.



Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg

- å arbeide for eit ope og inkluderande Kinn ved å leie an i arbeidet med å få fleire til å bli frivillige
- å saman med relevante kommunale tenester og eksterne aktørar ha eit godt blikk på inkludering av barn og unge i fritidsaktivitet ved m.a. å bidra i arbeidet med fritidserklæringa samt å støtte opp om eit aldersvennleg samfunn
- å ta initiativ til, vere lyttepost og ha dialog med relevante tenester innad i kommuneorganisasjonen samt utad med frivilligheita, for å avdekke behov og samskapingspotensiale i heile kommunen
- å følgje opp ressursgruppe for frivilligheit
- å arbeide med finansiering av prioriterte tiltak i tett dialog med relevante tenester og frivillige lag/organisasjonar og andre

Det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid.

Kvalifikasjonar

Fortrinnsvis bachelor innan relevante fagområde.
Gjerne erfaring frå arbeid innan offentleg sektor.
Erfaring frå og engasjement for frivillig arbeid, samarbeid og samskaping.
God økonomiforståing.
Digital kompetanse.
Gode kommunikasjonsferdigheter og språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Du må vere initiativrik, kunne jobbe strukturert og målretta og vere fleksibel.
Du har gode relasjonelle ferdigheiter, og evne til å jobbe heilskapleg og på tvers av fagområde.
Du er positiv, initiativrik, kreativ og løysingsorientert, med evne til å motivere og engasjere.
Er uredd i møte med nye arbeidsoppgåver.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ein spennande og utfordrande jobb med gode muligheter for personleg og fagleg utvikling. Frivilligarbeidet er godt etablert og forankra i kommunen, og vil etter planen utgjere ein endå større del i tida som kjem.
Eit fleirfagleg arbeidsmiljø.
Løn etter avtaleverket.
Fleksitidsordning.
God pensjonsordning, boliglånsordning og ulykkes- og gruppelivsforsikring.
Kinn kommune er ei inkluderende arbeidslivsbedrift (IA).

Kontaktinformasjon

Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, 91710500, RolfBjarne.Sund@kinn.kommune.no

Anita Solbakken, Kultursjef, +47 48243994, anita.solbakken@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Markegata 51

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4831272596

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Markegata 51, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Ledelse, Kontor og administrasjon, Prosjektledelse
FINN-kode
359971262
Sist endret
05. juli 2024 07:35