Sjukepleiar/ spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
Akuttmottak Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/ spesialsjukepleiar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å jobbe i ei spennande avdeling med høgt tempo, høgt fagleg fokus og tverrfagleg samarbeid? Då oppfordrar vi deg å søkje på våre ledige stillingar!

Vi er ein positiv og trivelig gjeng som ønskjer oss nye kollegaer. Er du fagleg orientert, fleksibel og ser verdien av tverrfagleg samarbeid er du den vi ser etter.
Vi har no ledig faste stillingar for sjukepleiar/ spesialsjukepleiar oppstart frå snarast / eller etter nærmere avtale.

Akuttmottaket i Kristiansund har ansvar for mottak av pasientar inn til sjukehuset. Akuttmottaket betener også skadepoliklinikk på kveld, natt og helg. Vi har også korttidspost med 3 senger, Akutt 12. Akuttmottaket er bemanna med spesialsjukepleierar og sjukepleierar.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. På veg mot nytt sykehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette. Arbeidsstad er ved Kristiansund sjukehus. Når det nye sjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.

Akuttmottaket har godt samarabeid med tillitsvalde og verneombud som saman med leiinga arbeider for eit godt arbeidsmiljø i seksjonen vår.



Arbeidsoppgåver

  • Mottak av akutt sjuke pasientar
  • Skadepoliklinikk
  • Korttidspost
  • Halde deg fagleg oppdatert i avdelinga si kompetanse- og læringsportal

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskjeleg med vidareutdanning eller erfaring innan akuttmedisin
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregående skule, må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og kvalitetsfokuser
  • Du har gode samarbeidsevne
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du trivast i eit aktivt og hektisk miljø
  • Du er ein bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å ta raske beslutningar og arbeide effektivt ved høg aktivitet

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Marianne Sæther Røvik, Konst. seksjonsleiar

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4836584766

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
359972603
Sist endret
05. juli 2024 08:08