Inaktiv

Lærar 100% Granvin barne- og ungdomsskule

Arbeidsgiver
Voss herad Granvin barne- og ungdomsskule
Stillingstittel
100% fast undervisningsstilling
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Granvin barne- og ungdomsskule har ledig inntil 100% stilling som lærar.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Flytande i norsk, skriv nynorsk og kan undervisa i nokre av desse faga:
  • norsk på ungdomssteget
  • matematikk 5.-10. klasse
  • kroppsøving med symjeopplæring
  • musikk
  • spes.ped. og SNO

Personelege eigenskapar:

  • du er positiv
  • du er tålmodig
  • du har eit stort engasjement for elevane si læring
  • du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

Alle lærarar som vert tilsett må pårekna å vera kontaktlærar ved behov.
Godkjend politiattest må leggat fram før du tek til i stillinga.

Granvin barne- og ungdomsskule har kring 120 elevar. Skulen ligg i hjartet av bygda Granvin. Bygga våre er godt vedlikehalde og med flotte og varierte uteareal til både leik og undervisningsaktivitetar. Naturen er kring oss på alle kantar frå fjord til fjell og er flittig i bruk på alle steg. Satsingsområdet vårt er meir praktisk undervisning og me samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om dette. Elevmiljøet og arbeidsmiljøet i kollegiet er svært godt og med fokus på utviklingsarbeid.

Voss herad tilbyr:

  • rekrutteringstilleg kr. 20 000 for dei som har grunnskuleutdanning (GLU) ved fyrste gongs tilsetjing i Voss herad
  • fast stilling i Voss herad
  • kontaktlærartillegg frå 32 000 til 38 000 pr. år
  • god ordning for etter- og vidareutdanning
  • gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • retteliing for nytiilsette/nyutdanna
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Hardangervegen 2543, 5736 Granvin
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
359975045
Sist endret
05. juli 2024 08:24