Stipendiat (3 år) ved Institutt for samfunnspsykologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat (3 år) ved Institutt for samfunnspsykologi
Frist
04.08.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Det er ledig ei stipendiatstilling ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er ein del av prosjektet «Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)", finansiert av det Europeiske forskningsrådet (ERC) med eit Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Francesco d'Errico (CNRS Bordeaux), Russell Gray (MPI for Evolutionary Anthropology, Leipzig) og Rafael Núñez (ETH Zürich).

Om forkingsprosjektet og arbeidsoppgåver:
  • QUANTA tar sikte på å rekonstruere opphavet og utviklinga til talsystem: når og kvifor dei vart oppfunne, og korleis og kvifor dei diversifiserte. Det 6-årige prosjektet, som starta i september 2021, er lokalisert ved fire institusjonar: UiB, CNRS Bordeaux, MPI EVA Leipzig og ETH Zürich. Det er hyppig og tett samarbeid og utveksling mellom institusjonane, inkludert moglegheit for internship ved dei andre institusjonane.
  • Stipendiatstillinga vil vera ein del av UiB-eininga, via til samanstilling av data om kroppsbaserte tellesystem til ein storskala database, koding av desse dataene for representasjonsanalysar, og bruk av dei for å teste hypotesar om utviklinga av kognitive verktøy for kvantifisering.
  • Hovudrettleiar vil vera prof. Dr. Andrea Bender (UiB); medrettleiing av eit anna medlem av QUANTA-teamet er mogleg.

Meir informasjon om forskingsprosjektet er tilgjengeleg på denne nettsida: https://quanta.eva.mpg.de/

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må på søknadstidspunktet ha oppnådd ein mastergrad eller tilsvarande i psykologi.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • Søkjaren må ha erfaring med storskala litteratursøk og databasekonstruksjon, kunnskap om numerisk kognisjon og bør ha kompetanse på analytiske metodar (som kognitive eksperiment, fortrinnsvis inkludert tverrkulturelle eller tverrlingvistiske forskingsmetodar, og/eller representasjonsanalysar).
  • Søkjar må ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og må vera villig og i stand til å samarbeide med andre. Erfaring med tverrfagleg samarbeid er spesielt ønskeleg og vil bli sett som en fordel.
  • Det er eit krav om høge ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk, og det er ønskeleg med leseferdigheiter i fleire andre språk.
  • Kjennskap til tegnspråklege tallsystem vil bli sett som ein fordel.
  • Det er forventa brei vitskapeleg interesse utover søkjaren sitt eige fagfelt. Kjennskap til forsking frå felta numerisk kognisjon og/eller kulturell og kognitiv evolusjon vil bli sett som ein fordel.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga
Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.

Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 540 500 (tilsvarande lønssteg 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Utgreiinga bør inkludere eit avsnitt både om korleis kvalifikasjonskriteria skildra over er oppfylt (med spesielt fokus på dei erfaringane som vil vera relevante for QUANTA), og korleis dine forskingsinteresser er knytt til den utlyste stillinga og QUANTA-konteksten.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (på engelsk)
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved HK-dir (eller NOKUT) si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld og for å laste ned stadfesting på dette: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no)
  • Relevante attestar
  • Vitskaplege arbeid i ditt namn som du ønsker å inkludere i vurderinga av søknaden (inkludert masteroppgåve eller tilsvarande)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Andrea Bender, Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, Andrea.Bender@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359980548
Sist endret
05. juli 2024 11:44