Inaktiv

Matvert

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Matvert
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 19 spisestuer.

Matforsyninga vil ha ansvaret for matservering til pasieten . Til dette treng vi flinke og framoverlente Matvertar og har ledig følgande stillingar:

* 2 x 15% faste stillingar, turnus dag/kveld og fast arbeid pt. kvar 3 helg.

* 1 x 16% faste stilling, kveld og fast arbeid pt. kvar 4 helg og ca annenhver uke. Dette er en stilling med bare kveld.

Merk søknad med kva stilling du ønsker å søke. Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode IT-kunnskapar
  • Matfagleg interesse

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Arve Haga, Seksjonsleiar, +47 55977474
Åge Nilsen, Driftskoordinator , +4755974536

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4831852280
Stillingsprosent: 15, 16%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
359982566
Sist endret
05. juli 2024 12:28