Ph.d.-stipendiat i metallorganisk og homogen katalyse

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i metallorganisk og homogen katalyse
Frist
04.08.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat i metallorganisk og homogen katalyse

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell metallorganisk kjemi og homogen katalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er ein del av prosjektet Ammoniakkproduksjon via elektrokatalytiske prosesser (AmPEP), som er finansiert av Norges forskningsråd, TotalEnergies, Equinor og Universitetet i Bergen (UiB). AmPEP (og dermed stillinga) er også knytt til Norsk senter for hydrogenforsking (HyValue), eit forskingssenter for miljøvennleg energi (FME).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ammoniakk er den viktigaste ingrediensen i produksjon av kunstgjødsel, og er også ein svært lovande karbonfri energiberar. Ammoniakk vert produsert via den såkalla Haber-Bosch-prosessen som krev høye temperaturar og trykk, og som nytter hydrogen frå naturgass. Forskargruppa jobbar for å gjere ammoniakkproduksjonen meir berekraftig og miljøvenleg, og utviklar katalysatorar og prosessar for syntese av ammoniakk direkte frå vatn og nitrogen. Stipendiatprosjektet er eit ledd i dette arbeidet, og stipendiaten vil, saman med andre forskarar i prosjektgruppa, designe, syntetisere, teste og immobilisere nye katalysatorar for omdanning av nitrogen og vatn til ammoniakk. Generelt nytter forskargruppa innsikt og prediksjonar frå kvantekjemiske berekningar til å designe katalysatorar, og desse katalysatorane vert, i neste omgang, syntetisert og testa i gruppa sitt laboratorium. Vi søkjer etter ein stipendiat med rett bakgrunn og motivasjon for å styrke den eksperimentelle delen av dette prosjektet. Dette arbeidet vil særskilt omfatte syntese av nye molekylbaserte og immobiliserte katalysatorar, samt vurdering av kor godt dei nye katalysatorane fungerer i lab-skala reaktorar. Studiar av katalysatorregenerering og gjenbruk kan også verte inkludert.

Den som vert tilsett vil verte integrert i eit arbeidslag som spenner frå bachelor- og masterstudentar, via Ph.d-studentar til postdoktorar. Kandidaten har dermed rikeleg med moglegheiter til både å få og gje rettleiing og til å utvikle leiareigenskapar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må dokumentere erfaring med:
    • Syntese av metallorganiske sambindingar.
    • Syntese av organiske sambindingar.
  • Det er ein føremon å ha dokumentert erfaring med:
    • Avanserte NMR-spektroskopiske metodar som multinukleær eller 2D-NMR.
    • Homogen katalyse.
    • Andre analysteknikkar som IR, MS, GC-MS og røntgenkrystallografi.
  • Den som vert tilsett må ha:
    • Gode evner til kritisk tenking og skriving.
    • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
    • Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.

Søkjarar må dokumentere kvar av dei ovanfor påståtte kvalifikasjonane ved å leggje ved attestar, diplom, referansar, publikasjonar, el.lign., som omtalt under «Søknaden skal innehalde» nedanfor. Søknaden må også innehalde ein oversikt (ei liste) over korleis kvar av desse kvalifikasjonane er dokumentert.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.08.2024
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
  • ei oversikt (ei liste) over korleis kvar påstått kvalifikasjon er dokumentert

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Førsteamanuensis Erwan Le Roux, Kjemisk institutt, tlf. +47-55589491 / e-mail: Erwan.LeRoux@uib.no eller til Prof. Vidar R. Jensen, Kjemisk institutt, tlf. +47-55583489 / e-mail: Vidar.Jensen@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Anna Folgerø, e-mail: anna.folgero@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359994602
Sist endret
08. juli 2024 06:20