ID 2230 Rekrutteringsstillingar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar - Stord sjukeheim

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Som sjukepleiarstudent i rekrutteringsstilling vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.


Me er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.


Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester.


Det er ledig faste stillingar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar med arbeid kvar 3 helg dag/kveld eller kvar 4. helg med 13,5 timars langvakter.


Arbeids- og ansvarsområde:


I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:


• samhandling og tverrfagleg samarbeid


• målretta miljøarbeid


• tilrettelegging for kvardagsmeistring


• tiltak, evaluering og dokumentering


• å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane


• å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.


• palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.


• legemiddelhandtering etter bestått eksamen medikamentrekning og farmakologi.


• fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.


• å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.


Ved tilsetjing vil me vektlegga:


• personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.


• brukarorientert tilnærming


• evne til å vera nyskapande i arbeidet


Kvalifikasjonskrav:


• Sjukepleiar- eller vernepleiarstudent


• Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg


• Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.


Me kan tilby:


• Rekrutteringsavtalar med bonus dersom ein binder seg opp mot arbeid på helg og minimum 5 veker sommarjobb.


• Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø


• Godt arbeidsmiljø


• Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.


• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.


Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
359994822
Sist endret
05. juli 2024 10:01