ID 2231 Helgestillingar - Stord sjukeheim

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, assistent, helsefagarbeidar
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Som sjukepleiarstudent i rekrutteringsstilling vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.


Me er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.


Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester.


Stord sjukeheim har ledige fleire faste helgestillingar.


Stillingane er i turnus 3 kvar helg med dag/kveld eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 3 eller 4. helg


Arbeids- og ansvarsområde:



  • samhandling og tverrfagleg samarbeid



  • målretta miljøarbeid



  • tilrettelegging for kvardagsmeistring



  • tiltak, evaluering og dokumentering



  • å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane



  • å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.



  • palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.



  • legemiddelhandtering etter bestått eksamen medikamentrekning og farmakologi.



  • fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.



  • å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.



Ved tilsetjing vil me vektlegga:



  • personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.



  • brukarorientert tilnærming



  • evne til å vera nyskapande i arbeidet



  • det er ynskjeleg med erfaring og interesse for arbeid med eldre



  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt.



Kvalifikasjonskrav:



  • Over 18 år



  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg



  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.



Me kan tilby:



  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø



  • Godt arbeidsmiljø



  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.



  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk



Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.


Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
5417 Stord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
359995678
Sist endret
18. juli 2024 09:10