Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du leiararen vi ser etter😊 då har vi ledig ei 100% stilling som avdelingsleiar for deg ved Skjerma avdeling på Gloppen omsorgssenter. Ein del av stillinga vil vere utviklingsarbeid retta mot demens i sektoren.

Avdelinga har 10 institusjonsplassar

Skjerma avdeling er ei forsterka avd. for pasienter med ulike diagnoser innanfor demens, som set høge krav til fagleg kompetanse. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har tett samarbeid med lege, fysio/ergo og dei andre avd. i tenesta,. Vi meiner vi har eit innkluderande arbeidsmiljø, vi er rause, tolerante og trygge.

Avdelingsleiar vil vere i tenesteleiar si leiargruppe og rapportere direkte til tenesteleiar for Bu- og omsorgstenesta.

Våre verdier:

Respekt, kunnskap, omsorg



Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har det faglege og administrative ansvaret for avdelinga og skal innanfor sitt ansvarsområde bidra aktivt i å utvikle heilheitlege og framtidsretta helse og omsorgstenester for kommunen. Stillinga inneber personalansvar for ca 18 tilsette. Avdelinga har og elever, lærlinger og sjukepleiar studenter gjennom året.

Avdelingsleiar vil ha tett samarbeid med Gotatoppen som er ei avdeling i tenesta, relatert til demensarbeid og andre avdelingar i kommunen.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i leiing evt. erfaring frå liknande leiarstilling i offentleg sektor er ønskeleg men ikkje eit krav, du vil få tilbod om leiarutd./kurs
  • Vidareutdanning i geriatri/ gerontologi
  • Gode norskkunnskaper, god muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ha god og generell datakunnskap og kan tileigne seg fagsystem som blir brukt i kommunen

Vi er på utkikk etter deg som:

  • Er strukturert, tydeleg og systematisk
  • Er utviklings- og endringsorientert
  • Har evne til å motivere og engasjere dine medarbeidarar
  • Er lojal, fleksibel og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med stor moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit arbeidsfelleskap med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit raust og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Iren Knutsen Utheim, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 917 03 443

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4836198566

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
359996510
Sist endret
08. juli 2024 06:20